Arbeidet er i gang: Arbeidet med nytt inngangsparti, ny trapp og handikapp-rampe på Lårdal kyrkje har starta. I tillegg skal golvet i våpenhuset lyftast slik at rullestolbrukarar og andre med hjul kjem enklare inn i kyrkja, med rampe inn i kyrkjerommet.

Planane har vore der sidan 1989, nå er endeleg arbeidet i gang

Lårdal kyrkje er stengt ein periode medan arbeidet med nytt inngangsparti, ny trapp og handikapp-rampe blir utført.

Alt tilbake i 1989 gjorde Lårdal sokneråd og eldrerådet i Tokke kommunen merksam på at det var behov for ei ny løysing av inngangspartiet i Lårdal kyrkje. Tolv år etter, i 1997, overtok kyrkjeleg fellesråd oppgåva med å finne ei ny løysing, og ikkje minst finansiering for prosjektet.

Bjørnar K. Christensen er kyrkjeverje i Tokke, og fortel i eit presseskriv at prosjektet har teke tid og grunnen til dette er både manglande økonomi, men også endringar i krav til løysingar og material.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kyrkja får nå eit heilt nytt inngangsparti, med ny trapp og eige handikapp-rampe på venstre side av våpenhuset. I tillegg skal golvet i våpenhuset lyftast slik at rullestolbrukarar og andre med hjul kjem enklare inn i kyrkja, med rampe inn i kyrkjerommet, informerer Christensen.

Det er den lokale verksemda til Bjarne Lofthus som skal utføre arbeidet. Lårdal kyrkje er listeført som kulturminne, noko som også inneber at det blir stilt krav til materialval og utsjånad, men også krav til dei handverkarane som skal gjere jobben.

– Verksemda til Bjarne Lofthus er ein kapasitet på arbeid med kulturminne og kyrkjebygg i Noreg. Det er flott at fellesrådet kan nytte ein lokal bedrift som ikkje berre har tilknyting til soknet, men og er etterspurt over heile landet grunna verksemda si kompetanse og kvalitet, seier leiar i Tokke kyrkjelege fellesråd, Gunnar Øverland.

Arbeidet gjer at kyrkja blir stengt ein periode.

– Nå er kyrkja stengt ei stund framover. Det er ikkje mogleg å få ei båre inn i kyrkja før ny trapp og inngangsparti er ferdig. I tillegg er det også arbeid med oppgradering av grendehuset i Lårdal, noko som gjer at dette bygget nok ikkje kan nyttast som erstatningslokale før i slutten av oktober. Men soknet har Høydalsmo kyrkje som kan nyttast til gravferdsseremoniar, seier Christensen.

– Neste messe i Lårdal kyrkje er i midten av oktober, og då håpar me at det er mogleg at kyrkjelyden nyttar prestesakristiet som inngang. I tillegg står det mykje maskiner, anleggsutstyr og materialar på parkeringsplassen ved kyrkja slik at besøkande til kyrkja og kyrkjegarden må nytte parkeringsplass ved grendehuset framover, legg han til.

– Me gler oss til handikapp-rampe og nytt el-anlegg blir ferdig og ber om forståing for at dette arbeidet tek litt tid, avsluttar leiar i soknerådet, Marit Djuve.