Alle dei 20 medlemene i Tiuren 4H stilte ut prosjekta sine til stor glede for alle frammøtte.
Alle dei 20 medlemene i Tiuren 4H stilte ut prosjekta sine til stor glede for alle frammøtte.

Haustfest i Tiuren 4H med regionalpolitisk snert

Referat

Laurdag 24. oktober var det haustfest i Tiuren 4H, og alle dei 20 medlemene stilte ut prosjekta sine til stor glede for alle frammøtte. Det var stor variasjon på oppgåvene, så her fekk auga nok å kvile blikket på. Fotografi og Baking viste kva for kreativitet som rår i Tiuren 4H, medan kategorien Friluftsliv også kan varierast stort, kunne me sjå. Og Hund er og vil sikkert i alminnelege tider vere menneskets beste venn.

Utskremde foreldre, nokre av oss med kjøkkenvakt, fekk nok å bite i, både salt og søtt, medan ungdomen sjølv utførde eigekomponert underhaldning. Stemninga var god og det var høgt under taket, årets sketsjar hadde både regionalpolitisk snert og «rikskanalisk» spanskrør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit heilt særskilt synkehòl i Ordal resulterte i eit debattpanel av lokalpolitikarar og bygdeoriginalar. Ny ordførar Tarjei Gjelstad og lokalpolitikar Eli Taugbøl diskuterer kva dette er og kva det vil få av følgjer. Ordførar vil kalle det ei kuleløype, for «pæning æ det ikkje, sidan dei er brukte opp i Morgedal». Taugbøl funderer på om det ikkje kanskje kan vere gull og grøne skogar nedi hòlet.

Ein programserie av sketsjar følgde publikum kvelden igjennom. Eivind Hellstrøm og Linni Meister fekk gjennomgå, men Hellstrøm er sikkert ueinig, og Linni Meister tek det uansett ikkje så hardt. Bodil Nordjordet er ei heil historie for seg sjølv. Men det var nok professor Guttorm Alfred Oxford som saman med Bare Geir i alle fall hadde det beste par-yoga-innslaget.

Gode skodespelarferdigheiter og improvisasjonskunst på høgt nivå utgjorde sketsjar som både gamlingar og småtråkk kunne humre og le av (fireåringen syntest det var fantastisk moro å høyre Bodil Nordjordet snakke om at ho «tisse» både ditten og datten – tenk å snakke så mykje om tiss, da, mamma).

Kveldens plakettmottakarar var Ingrid Lundeberg, Anne Lise Evja og Anne Marthe Golid. Når ein får plaketten har ein vore aktivt 4H-medlem i ni år, men alle desse tre starta då dei var miniaspirantar, og har dermed vore aktive medlemer i heile 10 år. Det er verd applausen dei fekk – gratulerer! Og me andre gler oss til neste haustfest. Vel blåst!

Ref.