Opnar kyrkjene: På allehelgen skal alle kyrkjene i Vest-Telemark vere opne. Sokneprest i Kviteseid Møyfrid Lunde (t.v.), prost Asgeir Sele, diakonistudent Helene Sele og prostidiakon Eilev Erikstein.

Opnar kyrkjene til allehelgen. – Her skal folk kjenne seg heime

Til helga er det allehelgen. Dette er ei tid for å minne dei døde, og i år blir alle kyrkjene i Vest-Telemark opne for dei som vil tenne ljos eller berre ha ei stund i kyrkja.

– Det har blitt ein tradisjon at folk besøker gravene på allehelgen, og tanken er at folk nå kan kome inn i kyrkjene, fortel prost i Øvre Telemark, Asgeir Sele.

Fyrste sundag i november er allehelgensdag, ei minnemarkering for dei døde. Dette er ei satsing over heile landet, og nokre stadar starta dei alt i fjor, men i Vest-Telemark er dette fyrste året med opne kyrkjer. Både i Vest-Telemark og mange andre stadar i landet har det lenge vore tradisjon for at namna på dei som har døydd i løpet av det siste året blir lese opp på gudstenesta eller minnemessa som er denne sundagen. Slik blir det også i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ei minnemesse i alle kommunane, dette er ei litt annleis gudsteneste, og dei som har mista nokon i løpet av året blir spesielt invitert. I Kviteseid blir det også samling på Misjonshuset etterpå. Dette er opent for alle, men dei som har mista nokon det siste året er spesielt invitert også hit, fortel sokneprest i Kviteseid, Møyfrid Lunde.

– Men dette er for alle, og det kan jo kanskje vere slik at nokon kjente at det ikkje var rett å gå i fjor, men at det kjennast rett i år, legg ho til.

Når dei atten kyrkjene rundt i Vest-Telemark blir opne nokre timar anten i løpet av laurdag eller sundag denne helga blir det ikkje noko program. Men Lunde vil vere til stades i ei kyrkje, medan prostidiakon Eilev Erikstein og diakonstudent Helene Sele vil vere i Nesland kyrkje. I tillegg vil det vere frivillige rundt om i dei ulike kyrkjene.

– Ofte er folk på kyrkjegardane denne helga, og det er ei våt og kald tid. Det skal vere lyst og varmt i kyrkjene, og folk kan snakke med kvarandre, seier Lunde.

- Skal kjenne seg heime

Kyrkja tek smittevern på alvor og det blir lagt til rette for spriting av hender, nokre benkar blir stengt av der det er naudsynt, alle må halde avstand som elles og det blir moglegheit for å tenne ljos i alle kyrkjene.

– Kyrkja skal vere eit trygt rom, seier Lunde.

– Her skal folk kjenne seg heime, nikkar Erikstein.

Det siste året har vore spesielt, og dei som har mista ein dette året fekk kanskje ikkje moglegheit til å ha gravferda slik dei såg det føre seg. Sele trur kanskje det kan gjere at fleire i år har eit litt anna behov for å reflektere over dette ved allehelgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I denne koronatida er det også viktig å møte folk. Det er godt i denne tida, og då er det godt å opne dette rommet, meiner Erikstein.

Diakonen fortel også at det vil bli informert om sorggrupper som dei arrangerer. Tradisjonen med å tenne ljos og lese opp namna til dei døde ved allehelgen er etablert, og nå trur dei fire at det i åra framover også blir tradisjon med opne kyrkjer ved allehelgen.