Heidra: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland fekk sundag kveld pris for den «famifrå dialektbruken» i musikken deira.

Odd og Ingebjørg heidra i operaen: – Med sitt framifrå telemål syner dei at dialekt er kult

Målprisen 2023 går til Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga for deira «mangeårige føredømelege bruk av dialekt og nynorsk».

– Det er veldig lenge sidan eg har fått ein pris, det var artig. Folkemusikken heng heilt i saman med dialekt. Så tenkjer eg at det er viktig å skrive nynorsk når ein fyrst er nynorskbrukar, seier Nordstoga i ei pressemelding.

Dei to vinbyggane fekk overrekt prisen i operaen i Oslo sundag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er flott at det blir lagt merke til at me er veldig glade i dialekten vår. Det er veldig viktig for oss at me er ekte og genuine i musikken vår, så om me ikkje hadde sunge på dialekt hadde det vore litt rart. Då hadde det ikkje vore så truverdig rett og slett, seier Bratland.

Nordstoga og Bratland er for tida aktuelle med albumet «Langt heimafrå», ti år etter dei slapp sitt fyrste samarbeidsprosjekt, «Heimafrå».

– Heilt sidan dei slapp sitt fyrste album i lag i 2013, har dei aktivt brukt både nynorsk og dialektar i arbeidet sitt på ein framifrå måte. Både i lag og kvar for seg er dei viktige dialektføredøme for ungdom, og med sitt framifrå telemål syner dei at dialekt er kult, også på Austlandet. Det fortener ein dialektpris, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Eikeland.

– Song er ein framifrå berar av språk og dialekt. Både barn, unge og vaksne høyrer på songane til Odd og Ingebjørg, og prisvinnarane er med det svært gode representantar for dialektbruk, legg han til.

Det er målungdomen som gjev ut den årlege prisen, som fyrst vart utdelt i 2001. Tidlegare prisvinnarar er blant andre idrettsutøvarane Karsten Warholm og Therese Johaug, samt youtubar og NRK-programleiar Victor Sotberg.