Deler ut: Frå venstre: Thomas Loftsgarden, leiar av bedriftsmarknaden i Sparebanken Din, Morten Olav Dyrud, styreleiar i Sparebankstiftinga Seljord, Ben Roger Elvenes, administrerande banksjef og Olav Moen, styremedlem i Sparebankstiftinga Seljord.

No skal dei dele ut ein halv million til lag og foreiningar i heile regionen

Sparebanken Din og Sparebankstiftinga Seljord oppmodar lag og foreiningar i heile Vest-Telemark om å søkje om midlar. Totalt vil stiftinga dele ut 500 000 kroner i sponsormidlar.

– Det er kan hende det er ekstra aktuelt nå i desse koronatider der inntektene har vore lågare enn tidlegare. Mange lag og organisasjonar har til dømes inntekter frå Dyrsku’n som dei ikkje fekk i år, seier Olav Moen i Sparebankstiftinga Seljord.

Det er stiftinga som administrerer sponsormidlane – dei 500 000 kronene som er øyremerkt frå Sparebanken Din til lag og organisasjon i heile Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

To gonger i året blir det delt ut pengar. På vårparten er det lag og organisasjonar i Seljord kommune som kan søkje om gåvemidlar. På hausten er heile Vest-Telemark moglege mottakarar av sponsormidlar.

– Me har kundar i heile Vest-Telemark og vil bidra til gode allmennyttige formål i heile regionen, seier Ben Roger Elvenes, administrerande banksjef i Sparebanken Din.

Stiftinga ventar synleg profilering hos dei som får sponsormidlar. Dei som får pengar må også bidra med eigendel.

Det har ikkje kome mange søkjarar til nå, og representantane frå Sparebankstiftinga Seljord og Sparebanken Din oppmodar lag og organisasjonar til å søkje innan 1. oktober.

Det er andre året det blir delt ut slike sponsormidlar.

Tidlegare tildelingar (eit utval)

Vrådal Sanitetslag 10.000,-

Kviteseid Hornmusikk 20.000,-

Rauland Skyttarlag 50.000,-

Smådølane, Haukelid 5.000,-

Tokke Skolemusikk. 20.000,-

Dalen Fotoklubb 10.000,-