Utanfor riksvegen: Det skal bli slutt på at syklistane må bruke Rv41 frå Tjønnefoss til Høgefoss. Nå skal det kome mellom anna sykkelbru til venstre der bilen er på riksvegen.

Nå skal sykkeltraseen bli trygg heile vegen

Eit samrøystes Nissedal kommunestyre løyver godt over millionen for at syklistane skal sleppe å bruke Rv41 frå Tjørullkroa til Høgefoss. Snart blir heile sykkeltraseen frå Treungen sentrum til Åmli grense trygg å ferdast på.

Den 3,5 mil lange tur- og sykkelløypa på den nedlagde jernbanetraseen frå Treungen til Åmli blir svært mykje bruka. Men det står att å ordne opp i ein flaskehals; på strekninga frå Tjørullkroa på Tjønnefoss til Høgefoss er det einaste alternativet for syklistane å bruke riksvegen. Denne strekninga har vore utfordrande med tanke på trafikktryggleik.

I sist kommunestyremøte i Nissedal var det ei sak om å få ny sykkelløype frå Tjørullkroa til Høgefoss i samband med at det kjem vass- og avløpsnett i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne saka viser korleis ein kan nytte vass- og avløpsutbygging, som no går føre seg frå Langmoen til Treungen sentrum, til å legge til rette for tur- og sykkelløype frå Tjønnefoss til Høgefoss, skriv kultursjef Anne Margrethe Espelid i den politiske saka.

Viktig

Tilrådinga frå kommunedirektøren var at kommunestyret vedtek fire millionar kroner, inklusiv moms, for prosjektet tur- og sykkelløype på vass- og avløpstraseen frå Tjønnefoss til Høgefoss. Det fører til ei eigenfinansiering på inntil 1,4 millionar kroner frå Nissedal kommune.

Innleiingsvis i kommunestyremøtet rosa ordførar Halvor Homme (Ap) dei som nok ein gong står på for sykkelløypa. Han nemnde så at løyver kommunen inntil 1,4 millionar kroner, blir det trygg sykkeltrasé frå Treungen sentrum til Åmli grense.

Marianne Vrålstad (H) sa ho dagleg sit heime i stoga og ser på sykkeltrafikken på jernbanetrassen.

– Det er veldig moro. Det er viktig at me gjer denne løyvinga nå når me har denne moglegheita, sa Vrålstad om å etablere sykkelveg oppå vass- og avløpstraseen.

Ingen andre tok ordet i saka, som blei samrøystes vedteke slik kommunedirektøren tilrådde.