I vasskanten: Ein av ideane er å etablere eit sjøormsenter ved Seljordsvatnet.

– Me må gjere noko med sjøormen. Den har ligge i ro lenge nok

Kan det bli sjøormpark, eit sjøormsenter eller ein diger sjøorm i Seljord sentrum som ungar kan klatre og leike i?

Seljord kommune skal bruke 100 000 på eit forstudie for å finne ut kva slags attraksjonar det er mogleg å realisere og kva kommunen bør prioritere for å sette sjøormen på kartet.

– Sjøormen er vårt sommarland, seier kultur- og næringssjef i Seljord kommune, Asbjørn Storrusten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner sjøormen har ligge i ro lenge nok, og at det er på tide at kommunen gjer noko meir med sjøormen som alt er ein viktig attraksjon for bygda.

Prosjektet har akkurat fått 100 000 frå det kommunale næringsfondet/kraftmidlar, og er nå på skisseplan. Førebels har dei tre idear; eit sjøormsenter ved Seljordsvatnet, ein sjøormpark med sjøormen og andre venner frå vatnet utforma som leikeapparat som ungar kan klatre og leike i. Den siste ideen er Storrustens eigen.

– Å lage ein stor sjøorm ein stad i Seljord, gjerne i nærleiken av eit kasseapparat, og i tillegg ha mange mindre sjøormar plassert rundt omkring på mange stadar. Dei skal sjå snille ut, ungar skal kunne ta på dei, klatre på dei, ta selfie saman med dei. Det skal vere slik at når folk planlegg å køyre gjennom Seljord skal dei tenke at då stoppar me i Seljord, tek bilde med sjøormen og kjøper ein softis, seier kultur- og næringssjefen.

– Men dette er berre tre ulike idear. Me er veldig opne, legg han til.

Han håpar at dei kjem i gang med prosjektet tidleg på hausten, dei må ha restfinansiering og rett person til å leie prosjektet på plass. Han meiner dette kan bli eit fleirårig prosjekt.

– Erfaringsmessig tek slike prosjekt litt tid, vil ein gjere noko stort går det mange år. Eit døme er Opplevingsvegen der eg var på det fyrste møtet i 2013.

Populær: Den store sjøormen på rasteplassen langs Rv 36 mellom Seljord og Bø har blitt ein populær stad å raste. Det er kunstnar John Poulsen som har utforma sjøormen, i samarbeid med Hovden Hytteservice AS og rådgjevarselskapet Cowi.

Sjøormbygda

Målet med å skape meir aktivitet knytt til sjøormen er å gjere Seljord meir kjent, og eit meir attraktivt reisemål for barnefamiliar.

– Me vil gjere Seljord kjent, og kjent for noko positivt. Om me klarer å lage ein suvenir som det står Seljord på vil ungen tenke på noko positivt, og ungar veks jo opp og blir større. Me vil vise at Seljord ikkje berre er festival, Dyrsku´n og kø, seier Storrusten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge sakspapira er det over 350 år sidan dei fyrste observasjonane vart gjort av sjøormen, og sidan har det blitt gjort mange observasjonar og dei får nesten årleg meldingar om nye observasjonar som er gjort.

– Me ser sjøormen som ein av dei største attraksjonane våre. Den skapar glede, mystikk og får med seg ungane. Seljord er sjøormbygda, seier Storrusten.

Seljord kommune løyver beløpet på 100 000 til Møtestad Seljord for å få gjennomført studien. Forstudien er rekna til å koste totalt 225 000. I tillegg til dei kommunale midlane, reknar dei med 50 000 frå Telemark utviklingsfond og 75 000 kroner frå Møtestad Seljord som støtte og eigeninnsats.

Ide: Ein av ideane er å etablere eit sjøormsenter ved Seljordsvatnet.
Ide: Seljord kommune skal bruke 100 000 til eit forstudie til eit sjøormprosjekt.