Den tredje lokalhistoriske boka om Åmdals Verk inneheld mange skattar. Kapteinsbygningen er ein av dei. Bygget blei til helseheim, men vart i utgangspunktet bygd av Kaptein John Daw på starten av 1870-talet. (Biletet er frå boka)
Den tredje lokalhistoriske boka om Åmdals Verk inneheld mange skattar. Kapteinsbygningen er ein av dei. Bygget blei til helseheim, men vart i utgangspunktet bygd av Kaptein John Daw på starten av 1870-talet. (Biletet er frå boka)

Longt under Skreafjellet …

… kransa av skog og lid, Åmdals Verk ligg så fagert, velstelt og blid.

Slik er dei fyrste strofene i Gerda Fles sin song om Åmdals Verk, og slik innleier også lokalstyret for Åmdals Verk gruver den tredje lokalhistoriske boka som tar oss med tilbake til det sosiale livet utanfor «gamlebyen» og kva som elles rørte seg i den urbaniserte fjellbygda.

Den nye boka kom rykande fersk frå trykkeriet direkte til Rallardagen som blei markert tidlegare i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet med koparverket gjekk mot slutten, og gruvebygda fekk merke nedgangstidene i 1920–30-åra. Vidare sette 2. verdskrig sitt preg på lokalsamfunnet. Det var framleis drift i kopargruvene, men mange var klar over at det gjekk mot slutten sjølv om det i krigsåra gav arbeid til mange.

– 16. juni 1945 vart siste skift gjort, og kroken vart sett på gruvedøra, slik me har skrive om i dei to fyrste bøkene om koparverket, fortel Unni Bendiksen, leiar i lokallagsstyret.

Samlingsstadane

Bendiksen fortel at det er alle dei viktige møtestadane, einskildpersonar og kvardagslivet som er tema i den nye boka.

Det var travle tider ved helseheimen på Åmdals Verk på 1950 talet. (Biletet er frå boka)
Det var travle tider ved helseheimen på Åmdals Verk på 1950 talet. (Biletet er frå boka)
Unni Bendiksen, leiar i lokalstyret for Åmdals Verk gruver.
Unni Bendiksen, leiar i lokalstyret for Åmdals Verk gruver.
Mange einskildpersonar er omtala i boka, mellom anna Halvor Haugen. Ei arbeidsulykke på vegen mellom Skafså og Dalen førde til at arbeidskaren enda som skomakar med trebein. (biletet er frå boka)
Mange einskildpersonar er omtala i boka, mellom anna Halvor Haugen. Ei arbeidsulykke på vegen mellom Skafså og Dalen førde til at arbeidskaren enda som skomakar med trebein. (biletet er frå boka)

– Me kjem innom forretningane, posten, telefonen, kraftverk, skulen som var ein viktig del av lokalsamfunnet, og forsamlingshusa før og etter Folkets hus kom på plass, seier Bendiksen.

Ho legg også til at krigsåra med ein kvardag der «tunge og mørke skyer over landet» får sin plass i boka.

Bendiksen trur kanskje at nokon vil sakne stoff om idretten i boka.

– Både sumar- og vinteridrett var ein viktig fritidsaktivitet på Åmdals Verk. Men dette kjem me til å presentere breiare i samband med 100-årsjubileet for Åmdal IL i 2016. Det kjem ei jubileumsbok då – den er under arbeid, avslører ho.

Kapteinsbygg blei helseheim

Øvst i Gruveparken stod eit staseleg bygg. Kapteinsbygningen blei reist i starten av 1870-åra av kaptein John Daw, direktør for koparverket. Gruveparken og kapteinsbygget hadde tennisbane, symjebasseng og ein vakker park med mange ulike treslag. Kapteinen og familien han flytta frå det staslege sveitserhuset og bygda på 1880-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med utbygginga av Skafså kraftverk i 1948, kom det mange nye arbeidsfolk til bygda og difor også behovet for ein helseheim på Verket. Fleire bygg blei vurdert, men valet fall på den 17 meter lange, 17 meter breie og 7 meter høge tømmerbygningen.

– I 1949 blei kapteinsbygningen gjort om til helseheim etter omfattande arbeid. Og det må ha vore travle tider, for i løpet av 10 år blei det mellom anna fødd 435 barn der, fortel Bendiksen.

I 1956 blei helseheimen stengt, og på 1970-talet blei Kapteinsbygningen rive.

– I boka viser me også kart over eigedomar knytt til gruvedrifta og brakker på Gamlebyen og Nybyen frå 1940-talet. Me har også sett på gardane og plassane kring Åmdals Verk, og tatt tak i fleire festlege samkome som 1. mai, 17. mai og dansefestar, seier leiaren i boknemna.

Syl i låret

Bendiksen fortel at nokre personar sit betre i minnet enn andre frå Verket. Ein av dei var skomakaren Halvor Haugen, som er omtala i boka.

– Han hadde trebein og skremte både oss i bygda og tyskarar under krigen. Eg minnest godt ein gong eg var med bestemor til skomakaren. Då sette han sylen i beinet … Eg blei redd og fór ut. Ikkje blødde han, og ikkje skreik han. Han var nok truleg den fyrste eg kjente til som hadde protese, fortel Bendiksen.

I boka finn ein også omtalar av Lykkakarane, Tarjei E. Aamdal, Turin Bastiansen, Mikkel Åmlid og fleire lokale karar og kvende.

Sikrar historia

Boka tar historia vidare. Sikrar ho mellom to permar for komande generasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er nok ei bok som generasjonen fødd på 50-talet og seinare og vil både kjenne att plassar og personar frå. Kanskje dei har høyrd om det frå foreldre eller besteforeldre, meiner Bendiksen.

Den raude tråden om Verkets historie er nå samla mellom tre bokpermar.

– Det er mykje meir me kunne tatt med, men ein stad må ein setje strek. Nå takkar boknemna av for denne gong, seier Bendiksen.