Dei tilsette: Stine Ruud og Lene Kleivi ynskjer velkomne til biblioteket.

Lene og Stine ynskjer velkomne til biblioteket. – Håpar folk vil bruke det som før

Lene Kleivi er nytilsett bibliotekar på Kviteseid bibliotek. Ho håpar innbyggjarane i Kviteseid vil nytte seg av biblioteket.

Døra står open til Kviteseid bibliotek. Lene Kleivi og Stine Ruud er i full gang med å rydde i hyllene.

Ruud har tidlegare vore utplassert på biblioteket i Kviteseid, og ho er ei av dei som har bidratt til å ha biblioteket ope i månadane etter at det blei stengt i haust. Nå har ho 20 prosent stilling på biblioteket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kleivi er nytilsett bibliotekar. Ho kom frå jobben som avdelingsleiar ved Telemark museum og har tidlegare jobba som bibliotekar i både Åmot og Seljord.

– Nå når biblioteket er ope igjen så håpar me at folk vil bruke det som før, seier den nytilsette bibliotekaren i Kviteseid.

På tysdag, onsdag og torsdag vil biblioteket vere betent.

I tillegg har dei meirope bibliotek i Kviteseid. Det inneber at lånekundar kan låse seg inn sjølv med lånekortet kvar dag frå sju om morgonen til ti om kvelden. Dette er eit tilbod for alle over femten år.

– Og det er mange som nyttar seg av det, fortel Kleivi.