Bokaktuell: Kristin Tveiten frå Seljord gjev i desse dagar ut sin andre roman Nålehuset på Samlaget.

Kristin er klar med bok nummer to

For tre år sidan debuterte Kristin Tveiten frå Seljord som forfattar med romanen Menneske og møll. Nå er ho klar med bok nummer to.

Nålehuset er ein roman om røter og opphav, om lojalitet og draumar som brest.

Det melder forlaget til Tveiten, Samlaget, i eit presseskriv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den ferske boka frå seljordingen handlar om to menn, Osvald og Frank, begge i 80-åra. Den eine prøvar å drepe den andre.

Medan Osvald veks opp under enkle kår saman med den strenge, gudfryktige mora, bur Frank på Storgarden. Frank har alt Osvald ikkje har, men likevel klarar han ikkje la han vere i fred.

Les også
Bokdebutantane

Tveiten debuterte med romanen Menneske og møll våren 2021, då gav også dottera Marie ut sin fyrste roman, Bonus. Dei to vart historiske då det aldri hadde skjedd før at mor og dotter debuterte med bok same dag på Samlaget, og truleg heller ikkje i noko anna norsk forlag.

Les også
Gunnhild, Vesla og Lars stod fyrst i køen då Marie og Kristin hadde boksignering