Framleis i utmarka: Rune Aarhus har vore med i utmarksoppsynet til Vinje kommune. No vert han friluftslivlærar i kulturskulen.

Johannes og Rune vert lærarar i gaming og friluftsliv

Vinje kulturskule har tilsett Johannes Eriksen (22) som dataspellærar og Rune Aarhus (45) som friluftslivlærar, begge i 30 prosent stilling.

– Dei aller fleste har prøvd å spele ein eller annan gong, enten det er på ein gamal Gamecube, eller på ein splitter ny Playstation 5. Det kan vere artig å setta seg ned og spele for både store og små, seier Johannes Eriksen i ei pressemelding frå kulturavdelinga i Vinje kommune.

– I dataspelfaget i kulturskulen skal me sjølvsagt spele og jobbe med å bli gode på spel, men me skal også finne meir ut av korleis ein datamaskin fungerer og korleis den kan køyre spel med høg presisjon. I tillegg skal vi finne ut av korleis ein best beskyttar seg på nett, utdjupar Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dataspel vil ha to aldersgrupper, 12-15 og 16 +, og elevane vil berre få jobbe med spela dei er gamle nok til å spele. Friluftsliv vil vere for aldersgruppa 12 år og oppover.

– Friluftsliv er eit mangfaldig fag med mange avartar av det me kjenner som tradisjonelt friluftsliv. Kva som vert det endelege tilbodet veit me ikkje endå, men eg håpar og planlegg for at det vert mange spennande aktivitetar som kan fenge breitt, seier Aarhus.

Det blir opna for påmelding i dei nye faga hausten 2023.

Les også
Nye tilbod i kulturskulen: Sju vil bli lærarar i friluftsliv og dataspel