Ynskjer velkomen til konsert: Kristine Kveven Sørensen og Maren Heggtveit frå ungdomsrådet i Kviteseid gler seg til konsert i juni. Arrangementet for ungdom frå Vest-Telemark blir ein del av Victoriafestivalen.

Inviterer ungdom frå heile Vest-Telemark til rusfri konsert

Ungdomsråda i Vest-Telemark meiner det er viktig med fleire treff på tvers av kommunegrensene. 16. juni inviterer ungdommane i Kviteseid til konsert.

– Mange andre kommunar har jo hatt slike rusfrie konsertar. Det er noko mange likar, seier Kristine Kveven Sørensen og Maren Heggtveit.

Dei er med i ungdomsrådet i Kviteseid og er glade for å kunne invitere ungdommar frå heile Vest-Telemark til bryggeparken 16. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Buss frå nabokommunane

Ungdommane har fått økonomisk støtte til arrangementet frå fleire hald, og har leigd inn tre artistar; Morgan Sulele, Bølgen og ZadeKing.

Jentene håpar at unge frå andre kommunar vil vere med på konserten. Ungdomsrådet brukar derfor ein del av tilskotsmidlane til å sette opp bussar frå dei andre kommunane i Vest-Telemark denne kvelden. Konserten er fyrst og fremst eit tilbod til dei som er mellom 13 og 18 år, men alle er velkomne. Etter konsertane blir det etterfest der det blir sal av pizza og brus.

Armband: Dei som kjem på konsert får eit slikt armband

I forkant har dei snakka ein del om kva som skal vere tema for konserten.

– Dette er jo eit rusfritt arrangement og me ynskte å få fram det, seier Maren.

Dei har blitt einige om å ha Du er #GODNØK som tema. Dei har trykt opp armband med denne teksten på, og alle som kjem på konserten vil få eit slikt.

Fleire treff på tvers av kommunegrensene

To gonger i året har ungdomsråda møte med Vest-Telemarkrådet.

– Ungdomsråda har vore opptekne av å få til fleire treff på tvers av kommunegrensene, fortel Bjørn Nordskog.

Dette ynsket er bakgrunnen for arrangementet i bryggeparken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren meiner det er fint om ein kan halde fram med slike felles rusfrie arrangement for ungdom, og tenker det er lurt at det å arrangere kan gå litt på rundgang.

Maren og Kristine fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar. Dei trur det kjem mange på konsertane.

– Me har fått tak i gode artistar og Kviteseid er jo så sentralt. Det ligg midt i Vest-Telemark, seier dei to jentene.

På brygga: Ordførar Bjørn Nordskog (t.v.), Maren Heggtveit og Kristine Kveven Sørensen.