Jan Paulsen (f.v.), Bjørn Andersson, Hans Lundell, Erik Bastiansen, Håvard Holstaa, Reidar Kjelløkken og Kjetil Heimigard Vistad.
Jan Paulsen (f.v.), Bjørn Andersson, Hans Lundell, Erik Bastiansen, Håvard Holstaa, Reidar Kjelløkken og Kjetil Heimigard Vistad.

Imponert over Dalen og Vistad Frilynte Pedallag

– Eg er imponert over desse godt vaksne sprekingane som har sykla gjennom Lunde i 18 år! Dalen og Vistad Frilynte Pedallag (etab.1992) heiter dei, og må reknast som velkjende i Vest-Telemark. Eg har sett dei mange gonger, men dei syklar så fort at det var først sist sundag på Lunde sluse at eg fekk tatt bilde av dei, skriv Nils Per Hovland frå Lunde i ein e-post til redaksjonen.

– Eg har ein mistanke om at det har blitt meir båt og mindre sykling med åra. Men det er lett å skjøna når gjennomsnittsalderen har ein lei tendens til å auke med eitt åt for kvart år som går og ein korkje har batteri, gir eller skivebremsar å hjelpe seg med. Sjå på syklane, to velesopedar og resten frå mellomkrigstida, dei er nok tilpassa ei tid då sykkelen var eit godt alternativ til å sitje på hesteryggen, skriv Hovland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle svara eit rungande «ja» på spørsmålet om dei hadde hatt ein fin tur.

– Og eg trur ikkje dei lei naud ombord på Henrik Ibsen heller, melder Hovland.

Håvard Holstaa i Dalen og Vistad Frilynte Pedallag seier dei reiste frå Dalen torsdag morgonen. Dei kom til Skien om kvelden og sykla vidare mot Stavern fredag. Sundag gjekk turen heim med Henrik Ibsen.

Syklane fekk mykje merksemd på turen.
Syklane fekk mykje merksemd på turen.

– Dette var 24. gongen me er på sykkeltur. Det byrja i samband med 100-årsjubileet til Telemarkkanalen i 1992. Neste år feirar med 25-årsjubileum, seier Holstaa, og legg til at dei to «veltepetterane» fekk mykje merksemd på turen.