Møsstrond kyrkje: Sommaren 1954 blei tømmerveggane kledde utvendig, og gudshuset blei kvitmåla våren etter.

Hundreåringen som jubilerte med bokutgjeving

Etter at gamlekyrkja på Møsstrond, som var innvigd i 1850, som fylgje av lynnedslag brann ned i 1918, blei kyrkja som står der i dag vigsla hausten 1923. Hundreårsjubileet blei feira i september, og då kom også praktboka om kyrkja, gravplassen og slektene, ut.

Fram til 2016 var Møsstrond eit eige sokn, men blei då slege saman med Rauland sokn. Torgeir Naustvik-Jortveit i soknerådet fortel at planlegginga av jubileet starta alt for to år sidan. Eitt av tiltaka var å gje ut eit jubileumsskrift. Pål Georg Thorrud frå Rjukan blei sett på saka. Han er andre generasjons hytteinnbyggjar i Nord-Vågen, og kjenner bygda godt.

– Under innsamlinga viste deg seg å bli så mykje materiale at det blei ei bok, fortel Thorrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire bidragsytarar

Utgjevar: Det er Rauland og Møsstrond sokneråd ved Torgeir Naustvik-Jortveit som har gjeve ut den 100-siders jubileumsboka.

Den hundre siders praktboka inneheld artiklar både om gamlekyrkja, gravplassen, om folk som er gravlagt der og slektene frå gardane rundt Møsvatn. Vidare har Kjell Bitustøyl bidrege med ein artikkel om bestefaren Olav O. Bitustøyl som bygde nykyrkja, og Torgeir Naustvik-Jortveit med ein artikkel om dekoreringa av kyrkja, som Sveinung Svalastoga stod for. Boka er rikt illustrert med bilete både av ny og eldre dato. Mange av dei gamle bileta er det Anne Johanne Dyrland som har bidrege med.

Harde tider

For å forstå historia til det området som no blir omtala som bygda Møsstrond, er det ikkje uviktig å veta at Møsstrond tidlegare var delt mellom tre prestegjeld: Dal sokn i Tinn, Åmotsdal i Seljord og Rauland sokn i Vinje. I samband med bygginga av den fyrste kyrkja, og endring av soknegrensene, bad biskopen prosten Schive i Tinn, sokneprest Landstad i Seljord og Smitt i Vinje skrive ei utgreiing om situasjonen i kvar sin del av Møsstrond. Dette var i 1843.

Åmotsdal kyrkje: Før gamlekykja blei reist i 1850 var Møsstrond delt mellom tre prestegjeld; Dal sokn i Tinn, Rauland sokn i Vinje, og Åmotsdal sokn i Seljord. Gardane ved den sørvestre armen av Møsvatn, frå Bosbøen til og med Skinnarland, Fivilbøen og Vermdeviki sokna til Åmotsdal.

Schive skreiv om næringsgrunnlaget, altså husdyrhald, jakt og fiske. Av boka går det fram at møsstrendingane måtte kjøpe korn frå grannebygdene. På grunn av høge fraktkostnadar blei dette dyrt, og fleire hadde difor byrja å selje delar av eigedomane sine til utanbygds folk som var ute etter det gode beitet. Prosten meinte bygging av kyrkja kunne motverke fråflytting. Men fyrst skulle departementet ta stilling til gravplassen.

– Dei fleste gravferdene måtte nødvendigvis gjerast utan at nokon prest var til stades. Jordpåkastinga måtte skje i ettertid; minst éin gong i året av den presten som skulle besøkje omgangsskulen i distriktet. Skulehaldaren, eller ein som budde på Hovden, skulle føre nøyaktig register over lika som blei sett ned, tilvise gravstadar og halde orden i fråvær av presten, heiter det i boka.

Gravferd på Møsstrond: Ifylgje boka går gravferdsskikken på Møsstrond attende til katolsk tid. Her er grava kasta att og spadane krosslagte samanmed kransane. Arkivfoto frå 2014.

Stutt kyrkjeår

Ein resolusjon frå 1847 slo fast at det skulle haldast fire messer i året på Møsstrond. Kyrkjeåret der strekte seg frå midten av juni til ut september.

I folketeljinga for 1855 var folkemengda i bygda 192 personar busette på 24 bruk.

Det er elles forvitneleg å lesa om då Rauland prestegjeld, med Rauland som hovudsokn og Øyfjell og Møsstrond som annekssokn, blei oppretta i 1859. Ordninga innebar at annekssokna, også kalla soknekommunar, ikkje berre fekk ansvar for kyrkja, men også for skulestellet og fattigvesenet. Ordninga med soknekommunar blei avskaffa i 1951.

Fyldig slektshistorie

Boka er også ei fyldig slektshistorie som startar med livsløpa til nokon av dei som ligg i dei eldste gravene på kyrkjegarden. Historia startar med han som gav tomt til gravplassen og kyrkja, Jon Olavsen Hovden (1791–1859) og vidare om slektene på dei ulike bruka i bygda. Boka handlar ikkje berre om folk, men òg om eigedomstilhøve. Om oppdemmingane av vatnet og medfylgjande sal av gardar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til slutt var det berre Galar, Argehovd og Mogen som var sjølveigarbruk. Mange av dei som selde, blei buande på gardane som forpaktarar, informerer artikkelforfattaren.

Bøygde kne: Den 12. desember 2014 blei Bjarne Magel Flothyl fylgd til sen siste kvilestaden. Av boka går det fram at han og tvillingbroren Jan Dagfinn var fødde i 1945. Dei var søner av Anne Louise Larsen (1914–2003) og Johan Flothyl (1914–1946).

Men Rauland kommune nytta i 1915 forkjøpsretten sin då eigedomsmassen som C. J. A. Dick, som budde ved Fornebu, hadde samla seg på Møsstrond, kom på sal. Kommunen selde eigedomane vidare til brukarane og andre folk i bygda.

Resultatet blei 10 nye sjølveigarbruk på Tangen og på nordsida av vatnet i 1917 og 1918.

Og så brann kyrkja.

Kulturfest og messesuppe

Nykyrkja stod ferdig i 1923 og blei innvigd 27. september same år. Hundre år etterpå vart dette markert til gagns med tilskipingar både laurdag 23. september og sundag 24. september. Laurdag var det kulturfest i kyrkja med Inger Lien som konferansier. Mellom anna heldt Thorrud eit kåseri, i tillegg til at det var musikalske innslag. Dagen blei avslutta med festmiddag på Skinnarbu nasjonalparkhotell.

Sundag var det jubileumsmesse i kyrkja, leia av biskop Stein Reinertsen. Deretter blei det på tradisjonelt vis servert messesuppe på grendehuset.

Kyrkjegarden: Boka omtalar både nokre av dei som ligg i dei eldste gravene og dei fleste av dei nyare gravene.