Utsikt: Utsiktspunkt Flatdal skal stå klart i midten av juni. Foto: Tor Arve Vartdal

Her kjem landemerket med utsikt over Flatdal

Utsiktspunkt Flatdal skal stå klart 15. juni.

Skorve Entreprenør AS er i gang med bygginga av landemerket i Flatdalsbakkane. Her har arbeidarane mellom anna utsikt til fjellet som gav inspirasjonen til firmanamnet.

– Det er den tredje konstruksjonen av denne typen me gjer, seier dagleg leiar Per Ivar Magnushommen i Skorve til VTB.

Tidlegare har Seljord-firmaet bygt både Sjøormtårnet på Bjørgeøyane og Soria Moria-badstova på Dalen – to bygg som har fått mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Magnushommen trur potensialet er like stort i Flatdal.

– Det vil eg absolutt tru, og prosjektet er større enn berre utsiktspunktet, minner han om.

I samband med bygginga av Mælefjelltunnelen sette Statens vegvesen av 40 millionar kroner til gamlevegen frå Gvammen i Hjartdal, gjennom Ambjørndalen, Svartdal, ned Åsebrekkene og ut Flatdalsøyane. Opplevingsvegen skal utstyrast med kunst, sykkelvegar og skilting.

Utsiktspunktet på Nylende er åleine kostnadsrekna til ti millionar kroner.

Les også
Slik blir «Utsiktspunkt Flatdal»
I gang: Skorve Entreprenør er i gang med arbeidet med Utsiktspunkt Flatdal. Foto: Tor Arve Vartdal