Groven og Buen med «Bruremarsj frå Seljord»

I dag slepper Sigmund Groven og Knut Buen singelen «Bruremarsj frå Seljord».

Slepper singel: Sigmund Groven og Knut Buen samarbeider.

Det melder Grappa musikkforlag i ei pressemelding.

Her kan du høyre versjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein av dei mest kjente tradisjonelle slåttane frå Telemark, her for første gong i samspel mellom hardingfele og munnspel. På framsyninga «Somliga går med trasiga skor» - ei musikalsk reise ned Telemarksvassdraget - på Notodden teater sundag, 2. august vil det bli premiere på den musikkvideoen. Den blir samtidig tilgjengeleg digitalt for alles glede, melder musikkforlaget.

Det nye albumet «The Sound of Telemark» blir sleppt 25. september. Dette er første gong dei musikalske heltane frå Telemark samarbeider på ei plate.

Knut og Sigmund har kjent kvarandre i mange år og hatt fleire konsertar saman. Plata vil innehalde tradisjonsmusikk, folketonar, slåttar og eigne låtar. Buen har skrive fleire nye tekstar, som dei to har tonesett, til det nye albumet. Den folkekjære songaren Anne Gravir Klykken medverkar på albumet, melder musikkforlaget.