Rett før jol ordna alt seg for Kjetil Flatland. Han har arrangert tekstane og tonane til Knut Buen, og til sommaren kjem plata «Ein song til deg».
Rett før jol ordna alt seg for Kjetil Flatland. Han har arrangert tekstane og tonane til Knut Buen, og til sommaren kjem plata «Ein song til deg».

Gjev ut tonar frå Telemark på plate

Med hjelp av gode med-musikarar, lokal «heiagjeng», støtte frå kulturrådet og ikkje minst platekontrakt i lomma, kan seljordingen Kjetil Flatland no realisere planane om å gje ut ei plate med Knut Buen sine tekstar og tonar.

28-åringen frå Seljord har bruka mykje tid heime i Kivledalen til å jobbe med materialet til Knut Buen. Han har kjent den allsidige folkemusikaren i fire år og dei har gjort mykje saman.

– Me har eit ope og ærleg samarbeid. Begge seier rett ut kva me tenker, men eigentleg er me ganske samstemte, seier Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våren 2013 byrja han å sysle med tanken om å gje ut ei plate. Flatland har arrangert Knut Buen sine tekstar og tonar og tilført nye instrument til Buens materiale. Med seg har Flatland broren Frode (trommer og perkusjon), Helge Wahl Flatland (tangentar), Vegard Hasselgård (gitar) og Ellen Brekken (bass). Sjølv står han, i tillegg til arrangementet, for vokal og saxofon. Og sjølvsagt er det noko fele.

Møtet mellom Knut Buen og Kjetil Flatland er eit møte mellom ein rytmisk musikar og ein folkemusikar.

– Han har melodiliner som er så flotte og leikne i tonaliteten, seier Flatland om Buen.

28-åringen frå Seljord har endra rytmen, men ikkje tonane, og lagt på mellomspel og forspel.

– Intensjonen er at det skal høyrest ut som melodiane og visene alltid var meint for den konteksten det no er sett inn i, forklarar Flatland.

Platekontrakt

– Det er ein kostbar prosess å gje ut plate. Eg har noko utstyr heime, men det ville ikkje blitt ei profesjonell utgjeving, seier musikaren frå Seljord.

Derfor var gleda stor då han fekk tilbakemelding frå fondet for lyd og bilde, som høyrer under Kulturrådet, at plateprosjektet var støtta med 90 000 kroner. Også lokalt næringsliv i Seljord har bidrege økonomisk til å realisere planane. Flatland har alt gjort avtale om å spele inn plata i studioet til Leif Johansen i Oslo på nyåret. Nå har han også signert avtale med Grappa, eit av dei største uavhengige plateselskapa i Noreg. Dei skal gje ut plata og ta seg av marknadsføringa. «Ein song til deg» er venta i juni 2015.

– Ein ting er å lage ei bra plate, men pengane avgjer mykje. Det hjelper ikkje om ho er bra, om ingen får høyre. Derfor er det svært viktig å ha eit selskap i ryggen til å ta seg av marknadsføring og distribusjon, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir heia på

Han er audmjuk og takksam for at alt no har ordna seg med plateplanane rett før jol.

– Eg har med meg fantastiske musikarar som har vore med frå starten. Dei set alle sin personlege preg på plata. Det er utruleg moro å få jobbe med flinke folk som verkeleg kan det dei driv med.

Han set også pris på støtta frå næringslivet.

– Ein blir heia på i Seljord og får støtte og klapp på skuldra. Det betyr mykje og gjev eit ekstra «boost». Det gjeld også frå publikum på konsertane. Dei skal vete at eg set utruleg pris på det.

Kjetil Flatland flytta rett heim til Seljord då han var ferdig utdanna frå musikkhøgskulen i Oslo i 2010. Han sakna heimstaden og det å bu med naturen rundt seg, med jaktmoglegheiter og friluftslivet utanfor døra.

Til dagleg jobbar han som lærar på folkehøgskulen i Seljord. Det vil han halde fram med. Flatland har også vore musikalsk leiar for eit prosjekt i regi av UD og Norsk kulturråd.

– Det har vore veldig gjevande å vera med på, men alt anna har blitt sett litt på vent. Det har blitt mykje reising. Eg føler meg no klar for å vera meir i Noreg. Og gjerne reise rundt og spele musikken vår, seier Kjetil Flatland.