Populært med fisking; Det var mange som syntest fisking var moro.

Friluftssommarskule i Morgedal – fekk fisk på første forsøk!

Denne veka vart det arrangert friluftssommarskule i Morgedal. Trass i regnvêr var stemninga og entusiasmen på plass då VTB tok turen til Morgedal Camping tysdag.

Friluftssommarskulen er eit tilbod frå DNT i Telemark, og det blir arrangert fleire stader i fylket gjennom sommaren.

– Det er eit tilbod der foreldra kjem med ungane på morgon og hentar dei på ettermiddagen. Nokon av borna er med på alle dagane, andre er med berre éin dag, fortel Marielle Gabrielsen, som er leigd inn som instruktør frå DNT i Skien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagane ved sommarskulen består av ei rekkje ulike aktivitetar, nokon er styrt av instruktørane, andre er bestemt av kva borna har mest lyst til å finne på.

– I går lærte dei litt om leirplass og knutar og i dag har me hatt orientering og fisking som hovudaktivitetar, fortsett Gabrielsen.

– Sjølv om me har noko styrt aktivitet, ser me jo at nokre aktivitetar slår betre an hos nokon enn andre. Derfor prøvar me å dele oss litt opp, og let dei styre litt sjølve. Det viktigaste er at dei kosar seg ute i naturen og har det moro, seier instruktør Siv Aarhaug.

Når VTB kjem på besøk har dei nett vore å fiska.

– Fiskinga var veldig populært, og som de ser så er det nokon som framleis held på. Det var ei som aldri hadde fiska før som fekk fisk på første forsøk, så det er klart det er moro, seier Aarhaug.

Aarhaug og Gabrielsen har begge studert friluftsliv ved USN i Bø, og har lang erfaring med jobb i barnehage og skule. Dei fortel at det viktigaste gjennom veka er å skape så god stemning som mogleg for borna, og introdusere dei for friluftslivet.

– Det er viktig at dei får ein god erfaring med det å vere ute i naturen – at det skal vere moro og givande. Derfor har me så mange forskjellige aktivitetar også, for friluftsliv handlar ikkje berre om å gå på tur i naturen, det er jo så mykje forskjellig ein kan finne på, avsluttar Aarhaug.

Viktig med gode naturopplevingar: f.v.; Siv Aarhaug og Marielle Gabrielsen er opptekne av at borna ved sommarskulen skal ha gode naturopplevingar og få positive erfaringar knytt til friluftsliv.