Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, meiner Aasmund Nordstoga (til høgre), leiar for Storgutnemnda. Han overrekte Storegutprisen for synleg og positiv bruk av nynorsk i det offentlege rom til leiar for Ferdamat i Fjord1, Olav Strømstad. Foto: Nynorsk Kultursentrum / NPK

Fjord1 tildelt Storegutprisen 2023

Nynorsk kultursentrum og Vener av Vinjesenteret har gitt reiarlaget Fjord1 og matkonseptet Ferdamat, Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.

Fjord1 fekk Storegutprisen 2023 under Litteraturdagane i Vinje førre laurdag. Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut av Aasmund Olavsson Vinje, og er gitt til reiarlageg med bakgrunn i ein synleg og positiv bruk av nynorsk i det offentlege rom.

– Vi meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det! Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, seier Aasmund, Nordstoga, leiar i Storegutnemda, i ei pressemelding frå Nynorsk Kultursentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen vart teke imot av leiar for Ferdamat, Olav Strømstad, på vegner av Fjord1. Han fortalde at dei har nytta nynorsk målform i det offentlege rom i mange år; både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og ellast i malverket.

– For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår. Vi er svært stolte over å ta imot denne gjæve prisen, og audmjuke over at vi vert lagt merke til, seier Strømstad.

(©NPK)

Storegutprisen 2023 er tildelt Fjord1 med bakgrunn i ein synleg og positiv bruk av nynorsk i det offentlege rom. Foto: Nynorsk Kultursentrum / NPK