Samtale om lokalavisa sine kår: F.v Samtaleleiar Anne Natvig, journalistane Jonn Karl Sætre (Kvinnheringen), Grete Hopland Ravn (Grannar), og redaktørane Sigbjørn Linga (Hordaland Folkeblad) og Øystein Øygarden (Vest-Telemark blad).

Ei samtale om lokalavisa sine kår og framtidsutsikter

Fire norske lokalaviser fyller til saman 300 år i år. Litteraturdagane i Vinje inviterte journalistar og redaktørar til samtale.

Fredagsprogrammet på Vinjar opna med ei feiring av Vest-Telemark blad som i år fyller 50 år. Jørgen Orheim frå Bøgrend presenterte ein morosam og rytmesterk audiovisuell bursdagslåt til avisa.

Jubileumslåt: Jørgen Orheim frå Vinje hadde laga ein audiovisuell bursdagslåt til VTB.

Det er i år 50 år sidan eit opprør mot at vesttelane ikkje kom til orde i regionavisene under EF-debatten, leia til at Vest-Telemark fekk si eiga lokalavis, i dag den tredje største avisa i Telemark. Men VTB er ikkje åleine om å jubilere. Både Kvinnheringen og Grannar fyller 50 i år, og Hordaland Folkeblad kan skilte med heile 150 år som lokalavis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lim og lupe

Samtaleleiar Anne Natvig frå Nynorsk kultursenter spurde kva som er den viktigaste funksjonen til ei lokalavis i eit land med 211 lokal- og regionalaviser.

Journalist Grethe Hopland Ravn frå Grannar, avisa for Etne og Vindafjord i Rogaland, meinte at det var å vere lim og lupe.

– Å vere lupe kan vere vanskeleg i små miljø der alle veit kven alle er, la ho til.

– Me skal vere limet som gjer at folk i bygdene veit om kvarandre og skape samhald. At me veit at vesle Ida selte saft til inntekt for Redd barna, at me veit kva idrettslaget held på med, og kven som er fødd og kven som har døydd. Samstundes skal vere kritiske og passe på at ting går rett føre seg, for eksempel i kommunestyret.

Øystein Øygarden fortalde at då han byrja i VTB for 20 år sidan var både Varden og TA fast på plass i kommunestyresalane.

– I dag er det berre me som følgjer med dagleg i kommunane i Vest-Telemark. Me må drive kritisk journalistikk og me må gjere det ordentleg, sa Øygarden.

– Eg må innrømme at eg er litt skremt av det ansvaret. Viss ikkje me følgjer med, er det ingen som gjer det, heldt han fram.

Digitalisering og nye plattformer

Alle dei fire lokalavismedarbeidarane meinte at digitaliseringa som er komen med krav om å vere på nett, bruke fleire plattformer som podkast og TV-sendingar er meir krevjande i ei lokalavis med relativt få tilsette, samanlikna med dei større avisene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Delen av abonnentar som framleis les lokalavisa på papir er høg. Derfor er distribusjonen av papiravisene så viktig. Øygarden trur det vil vera mangel på distribusjon som eventuelt tek livet av papiravisene, ikkje at alle lesarane blir heildigitale og vel papiret bort.

300 år: Dei fire lokalavisene erfarer at stordelen av lesarane helst les avisa på papir, og er derfor opptatt å få levert papirutgåvene til abonnentane.

Kan lære

Natvig stilte spørsmål om kva som skil lokalavisene frå riksavisene.

– Medan me samlar bygdene, samlar til dømes VG landet, slik at me veit om kvarandre frå sør til nord, sa Hordaland Folkeblad-redaktør Linga.

Sætre frå Kvinnheringen samanlikna lokalavisene med NRK Fjernsynsteatret 1973. Presentasjonen av saker skil seg fordi saker står sterkare fram i små miljø.

– Rolla til lokalavisa er viktigare enn nokon gong, sa Øygarden.

Grethe Hopland Ravn fortalde at det i USA er blitt lagt ned 3000 aviser sidan årtusenskiftet.

– Nå blir det i snitt lagt ned to lokalaviser i veka, og det er ein viktig årsak til polariseringa me ser der, sa ho.

Språket

På lista over utfordringar dei fire lokalavisene står overfor, kom det også opp at det kan vere vanskeleg å finne journalistar som skriv godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me treng kvalifiserte folk til å lage avisene, så derfor må lønningane til journalistane opp, meinte Hopland Ravn.

Øygarden meinte å ha funne ei god løysing ved å satse på engasjerte folk som skriv godt og bur i regionen.

– Folk som alt er knytt til regionen, blir buande. Det er mykje lettare enn å hente ein nyutdanna journalist frå ein annan stad som reiser vidare etter eit par år, meinte han, og fekk støtte av Linga.

– Ein kan lære folk å bli gode journalistar, journalist er ingen verna tittel, sa Linga.

Forskjellige eigarforhold

Dei fire lokalavisene har mange felles utfordringar, men dei har forskjellige eigarstrukturar. Medan VTB og Grannar er eigd av mange lokale aksjeeigarar, er Hordaland Folkeblad familieeigd. Kvinnheringan er eigd av Amedia og dermed den einaste av dei fire jubilantane som er eigd av eit konsern.

Europearen Vinje

På tampen av dagen på Vinjar heldt forfattar og lektor i litteraturvitskap, Jon Severud foredrag om dei internasjonale perspektiv i Aasmund Olavson Vinje sin journalistikk. Han la fram historia om korleis Vinje, heilt frå han byrja skrive i Drammens Tidende i 1848 tok opp internasjonale tema. Ikkje minst interesserte Vinje seg for Krim-krigen og samlinga av Italia. Han peika også tidleg på at det var lettare å få lesarar til å bruke tid på reportasjar om ulukker enn på meir omfattande og kanskje analytiske reportasjar.

Foredragshaldar: Jon Severud har skrive bok om Aasmund Olavson Vinje og heldt foredrag om Vinje sitt engasjement for å skrive om internasjonale saker.
Samtale: Benedicte Maurseth og Helga Flatland i samtale med Knut Aastad Bråten på opninga torsdag.
Opna: Odd Nordstoga opna Litteraturdagane på Raulandsakademiet torsdag.