Får 200 000 til å dokumentere pelsdyrnæringa

Med den varsla nedlegginga av pelsdyrnæringa hastar det å kartlegge arkiva.

Det vil Vest-Telemark museum i Eidsborg gjera noko med. Dei har no fått 200 000 kroner til å samle inn, dokumentere, og ordne arkivmateriale om pelsdyrnæringa i Vest-Telemark.

Stand: Telemark pelsdyralslag sin stand under Dyrsku’n i Seljord i 1966. Frå arkivet etter Dyrsku’n i Seljord/Vest-Telemark Museum.

Kvart år deler Arkivverket ut prosjekt- og utviklingsmidlar til arkivsektoren. 12 millionar kroner er nå fordelt. Det er gjeve støtte til 34 prosjekt i ulike delar av landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stiftinga Vest-Telemark museum fekk også 200 000 kroner frå Arkivverket til «innsamling, dokumentering og ordninga av arkivalia frå reiselivsnæringa i Telemark.

Les også
Forbod mot pelsdyr – eit slag i trynet
Les også
NOAH jublar
Les også
Ein lang epoke med pelsdyr er over