På garden som Arnt Erik Evja og kona kjøpte i 2013, har det vore pelsdyr sidan 1936. Regjeringa vil at næringa er avvikla i Noreg innan sju år.
På garden som Arnt Erik Evja og kona kjøpte i 2013, har det vore pelsdyr sidan 1936. Regjeringa vil at næringa er avvikla i Noreg innan sju år.

Forbod mot pelsdyr – eit slag i trynet

Nissedøl Arnt Erik Evja og kona kjøpte i 2013 gard med pelsdyr som eit yrke å leve av. Når det blir forbode å drive med pelsdyr, står Evja utan jobb og med fem millionar kroner i gjeld.

I januar 2013 kjøpte ekteparet Janne Løvlie Rønneberg og Arnt Erik Evja ein gard til over fem millionar kroner i Grimstveitgrenda i Nissedal. Dermed fekk Evja oppfylt draumen om å ha eigen gard. Der hadde det vore pelsdyr sidan 1936, ei drift paret ville halde fram med, i tillegg til å ha nokre storfe og sauer.

Paret starta med 600 avlstisper, og er denne vinteren oppe i 1050 avlstisper pluss 300 tilhøyrande hannar. Før auken blei det gjort ei investering på 600 000 kroner i nye bur, og 100 000 kroner til ei skrapemaskin for skinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjer blant alle husdyr

Innved vegen til Grimstveitgrenda og eit par hundre meter frå garden har paret eit skilt der det står: «Kom og besøk vår pelsdyrgard». Invitasjonen gjeld kven som helst, som skal få sjå at dyrevelferda er prioriert. Tilbakemeldingane frå Mattilsynet opptil to gonger i året og fleire veterinærbesøk stadfestar god pelsdyrdrift.

– Dei har ikkje hatt noko å seie på dyrevelferda. Den er god, og det skal den vere også. Og dyr som har det bra produserer bra, seier Evja.

Han veit det somme stader er avdekka dyremishandling, noko han er klar på at ikkje skal skje.

– I alt husdyrhald, også innan sau, kyr, gris og til og med kjæledyr, er det nokon som ikkje fylgjer opp dyra slik dei skal gjere. Men pelsdyr er jo små og søte i forhold til gris – pelsdyrbransjen får mykje pepar når nokon få øydelegg for alle oss andre, seier Evja.

Eit slag i trynet

Nyleg sa regjeringsplattforma til trioen Høgre, Frp og Venstre sitt om pelsdyrbransjen. Venstre meiner dyrevelferd må gå føre økonomiske omsyn, og fekk dei to andre partia med på ei styrd avvikling av næringa innan 2025. Seinast i fjor vedtok Stortinget at pelsdyrnæringa skulle ha berekraftig utvikling.

– I fjor fekk me tommelen opp av Stortinget – i år er det heilomvending. Då Frp kom i regjering, blei fraktutjamningstilskotet på fôret til pelsdyr tatt bort. Nå er det kroken på døra for heile næringa. Venstre skal vere distriktsvenleg, men er meir og meir byvenleg. Eg er veldig skuffa – dette er eit slag i trynet. Å få dette nå med den gjelda me har er ikkje greitt. Det var pelsdyr me ville drive med og leve av på garden. Kva me skal leve av framover, veit eg ikkje, seier Evja.

Kona er også veldig skuffa

– Regjeringa sel oss billig – me er tydelegvis ikkje mykje verdt. Det er gjelda eg tenkjer mest på, korleis kome i hamn med den. Det er hardt nok som det er, seier Rønneberg.

Av landets 200 pelsdyrgardar ligg fire av dei i Nissedal kommune. Evja har høyrd at det kan vere snakk om å fordele 185 millionar statskroner i kompensasjon når det blir forbod mot pelsdyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då får me under éin million kroner …, seier Evja.

– Me bør få kompensasjon på mellom fem og ti millionar kroner, men det er vel å leve i ei draumeverd, fortset han.

Han ynskjer fyrst og fremst å få ein skikkeleg kompensasjon for nedlegginga, og ikkje omstillingsmidlar.

– Omstillingsmidlar er eg litt om og men til, for kva pokker skal me omstille til, undrar Evja.

Kan bli tomt for dyr

I dag er det ni ammekyr og 16 kalvar på garden, og dei gjer at storfefjøset er fullt. Vidare har paret 20 vinterfôra sauer, men kan ha opptil 30.

– Storfea og sauene er ikkje stort å leve av. Pelsdyr er basisen, dei andre dyra kjem som tillegg, seier Evja.

Når pelsdyrskura blir ståande tome, er dei ubrukelege til anna drift.

– Eg må bare rive dei. Eg får ei stor tomt …

Artikkelen held fram under annonsen.

Å setje opp driftsbygning for andre dyr, vil koste flesk.

– Me har nå gjeld på over fem millionar kroner. Det freistar ikkje å ta opp meir, er ekteparet samde om.

Evja har agronomutdanning, og til ein viss grad erfaring med maskiner, så kanskje er det sjanse for jobb ein eller annan stad. Men kva skjer med garden etter at det er slutt med pelsdyr?

– I verste fall legg me ned heile gardsdrifta, avsluttar Evja.

 NOAH jublar

Etter 28 års kamp mot pelsdyroppdrett jublar NOAH for vedtaket i den nye regjeringsplattforma om å avvikle næringa.

– Det er heilt fantastisk at Venstre har vist evne og vilje til å prioritere omsynet til dei alle svakaste – pelsdyr som lider i tronge bur. Endeleg kan vi seie at Noreg ikkje lenger heng etter på dyrevelferd. Ein fantastisk siger for pelsdyra, men vi må fortsatt kjempe for ulvane, uttaler NOAH i ei pressemelding.