Nokså nyleg leverte Olav Arne Sønderland for siste gong minkskinn til ei utstilling. Han har hatt mykje moro i yrket som har gjeve inntekter i 45 år.
Nokså nyleg leverte Olav Arne Sønderland for siste gong minkskinn til ei utstilling. Han har hatt mykje moro i yrket som har gjeve inntekter i 45 år.

Ein lang epoke med pelsdyr er over

Nissedølen Olav Arne Sønderland (65) er tredje generasjon pelsdyrbonde, men nå vil han heller satse på bijobben.

I låven på garden til Olav Arne Sønderland få kilometer utanfor Treungen sentrum er det gode lokale for fletting og stelling av minkskinn før dei skal på auksjon.

Etter 45 år i yrket er pelsdyrbonden inne i si siste veke med slikt arbeid, så er det stopp. I november blei all minken avliva, og det skjedde som vanleg i ei kasse der det blei slept inn CO2-gass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein høyrer ikkje noko til dyra, og dei døyr veldig fort, seier Olav Arne.

Han ser fordelar med avliving på heimegarden – det er lite stress for dyra og dei slepp transport.

– Eg synest det er vondt med alle desse dyra som blir transportert lange strekningar, seier bonden.

Ein god del jobb

Same dagen avlivinga har skjedd er det flåing ved hjelp av ei maskin som går på trykkluft. Så blir skinna lagt i frysaren.

– Eg tek dei opp av frysen etter kvart for å ha arbeid heile året – og eg slepp å leige mykje hjelp.

Det neste er å skrape skinna for feitt.

– Det er veldig mykje feitt på kjøtsida, og det er teikn på at dyra trivast godt, seier Sønderland.

I ein trommel med varm sagmugg blir skinna reinsa, og etterpå er det å henge dei i ei maskin som ristar av sagmuggen. Seinare blir kvart skinn tredd på tane (treplanke) og skal vasskjemmast og henge til tørk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein god del jobb med kvart skinn, men eg har det som vinterarbeid, seier bonden.

Engasjert og flink

Nokre dagar tidlegare trefte me han på det som var nok ei skinnutstilling i Treungen. Pelsdyrbønder i Aust Agder, Vest Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud høyrer med til Sør pelsdyralslag, som arrangerte utstillinga. Der møtte blant andre Torkil Tveter, marknadssjef i Oslo skinnauksjoner.

– Eg har kjent Olav Arne i 20 år. Han er flink til å produsere rett dyr og gode skinn. Vidare er han utruleg engasjert både i næringa lokalt og då han var med i styret i Noregs pelsdyralslag, seier Tveter.

Olav Arne er forresten den eine av i alt sju pelsdyrbønder i Nissedal som i fjor fekk besøk av Mattilsynet. Instansen hadde ikkje noko å utsetje på nokon av dei.

Utstillinga nyleg var siste gongen Olav Arne kom med skinn.

– Det er litt spesielt og vemodig, men nå håpar eg å vere med på anna som er interessant, seier han.

– Korleis har det gått med skinna dine på utstillingane?

– Det har gått bra på mange av dei, svarar bonden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har avla på godt lynne på dyra, og har prøvd å drive så godt som mogleg. Og når dyra har det godt får ein betre dyr og meir pris for skinna, held han fram.

Ung hjelpar

Fyrst på 1930-talet byrja Hans Sønderland, bestefar til Olav Arne, med pelsdyr. Det var i ei tid dyra blei fôra opp med mellom anna høner, egg, skumma mjølk, gulrøter og kjeks blanda saman. Nokon gav også tiur og røy til pelsdyra, og appelsinar for at dei skulle få viktige vitamin og fint skinn. Men å kjøpe appelsinar til seg sjølv var det ikkje alle bønder som hadde råd til.

Far til Olav Arne, Sveinung H. Sønderland, byrja med mink i 1960. Same året bygde han opp pelsdyrgarden som står der den dag i dag.

– Sjølv byrja eg med pelsdyr i 1972 då eg var 21 år, men eg var med og hjelpte pappa heilt frå han starta, seier Olav Arne.

– Kvifor byrja du i dette yrket?

– Eg hadde lyst til å bu heime, og det var ikkje så mange alternative jobbar. Og eg har utdanning innan jord- og skogbruk, så eg hadde lyst til å drive med pelsdyr, svarar han.

Spennande marknad

I 2014 slutta bonden med rev i ei tid det kom nye reglar. Reven skulle ha dobbelt så stor plass om vinteren.

– Eg ville ikkje byggje om i min alder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opp gjennom åra har kona Torill hjelpt med drifta, i tillegg til at ho har hatt annan jobb. Frå pelsdyrgarden har det blitt pelsa bortimot 3000 mink i året pluss nokre sylvrevar, og det utgjer over to årsverk. I periodar har det blitt leigd inn hjelp.

– Har det vore vondt for deg å pelse dyra?

– Det er ikkje moro å avlive dei, men det blir gjort så humant ein kan. Og det er ein jobb ein må gjere i yrket, svarar Olav Arne.

Så legg han til:

– Men det er triveleg å stå inne i varmen i låven om vinteren og gjere skinna klare før dei skal til Oslo og vidare på auksjon i Finland. På datamaskina kan eg fylgje med på auksjonen der eg har eigne skinn, og det er moro.

Han synest det er spennande å fylgje med på pelsdyrmarknaden. Prisane har svinga veldig opp gjennom åra, utan at Olav Arne har vurdert å slutte i tider med lite betalt for skinna.

– Gjennomsnittsprisen over år har vore til å leve av, seier ein nøgd bonde.

Noko anna han er nøgd med er at næringa tek seg av mykje problemavfall frå fisk og dyreslakt, som blir til mat for mink og rev.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me lagar eit fint naturprodukt – ekte skinn som blir nytta til hattar, jakker og kåper.

Hadde det vondt

– Har det vore tider der du har vore lei i yrket ditt?

– Eg har drive i ei veldig spennande og interessant næring, og stort sett hatt veldig mykje moro. Den mest interessante tida er våren når kvalpane kjem. Kvar morgon har eg sett etter om det har kome nye kull, og kvar kveld har eg vore der for å sjå at alle har det godt. Og har dyra det godt har eg også det godt, svarar Olav Arne.

Men ved eitt høve for nesten 17 år sidan hadde mange mink det ikkje bra. Pelsdyrmotstandarar tok seg inn på garden til Olav Arne og sleppte ut over tusen mink. Etter mykje arbeid klarte folk å hente inn at dei fleste dyra.

– Me starta fôringsmaskina, og då kom dei springande dit. Det er jo husdyr me driv med. Og ein stor honnør til bygdefolk som var veldig flinke til å stille opp, seier Olav Arne om hjelpa til å få tak i minkane.

– Dyra fann ikkje mat i det fri og hadde det vondt. Og eg hadde vondt av dei som sleppte dyra ut, for dei visste ikkje kor mykje vondt som blei gjort for minken, fortset bonden.

Birøktar

Same året som Olav Arne starta med pelsdyr byrja han med bier.

– Det skal eg ikkje slutte med, kjem det kontant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei hundre kubane han hadde i fjor førte til heile fire tonn med honning.

– Ein har klart å heve honningprisen godt. Eg håpar mange har lyst til å byrje med bier, for no er det god lønsemd, seier Olav Arne.

For tredje året er han styreleiar i Honningcentralen, som omset honningen til medlemene og forsyner birøktarane med utstyr dei treng til jobben. Mesteparten av honningen i butikkane kjem frå sentralen.

Vervet Olav Arne har tatt på seg krev nokså mange reisedagar. Likevel, som styreleiar og å vere birøktar er han ikkje på langt nær så bunden som ved å drive med pelsdyr.

– Eg kunne godt ha halde fram med pelsdyr, men kvar epoke i livet har sin sjarm. Pelsdyra har hatt veldig høg prioritet, og å drive med dyr er veldig moro. Men nå har eg lyst til å drive med andre ting. Hadde eg drive mykje lenger med pelsdyr er det ikkje sikkert eg hadde hatt lyst til å gjere noko anna, seier Olav Arne.

Ikkje pip lenger

Nå håpar han på at det blir nokre reiser framover, og han er veldig glad i naturen.

– Eg har lyst til å ha ein del tid til å gå i heia. Og å gjere andre ting.

Per i dag ser det ikkje ut som at nokon overtek drifta av pelsdyrgarden til Olav Arne.

– Men i Nissedal kommune er det ein del unge som driv med pelsdyr, og det er moro. Dette er ei veldig fin distriktsnæring eg håpar fleire vil byrje i.

Olav Arne synest han har vore heldig som opp gjennom åra har delteke i ein god del organisasjonsarbeid i næringa.

– Eg kjem nok fortsatt til å fylgje med i pelsdyrbransjen, seier han med eit smil.

Det einaste dyret som er att på garden hans nå er huskatten.

– Korleis blir det å ikkje ha dyr i skura?

Svaret kjem raskt:

– Det blir spesielt når våren kjem og det ikkje pip frå kvalpane. Men då skal eg kose meg med summinga frå biene.