Kjekt å ha: Stort utval av det ein treng og det ein kanskje ikkje treng på årets Vårmarknad.

Etterlengta folkeliv på Dyrskuplassen. – Det er veldig moro å vere i gang igjen

Etter over to år med ein pandemistille Dyrskuplass var det for mange eit etterlengta syn då det igjen myldra av campingbilar, utstillarar og besøkande på Vårmarknaden i helga.

– Det er veldig moro å vere i gang igjen. Det er så moro å sjå at folk veldig gjerne vil vere med på det som skjer, fortel prosjektleiar for Vårmarknaden, Gry Hovland.

Vårmarknaden er eit samarbeid mellom Dyrsku'n Arrangement AS, Eagle Car Club i Bø og Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb (VTMK), og strekker seg over to dagar med utstillingar, boder og konsertar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovland og dagleg leiar i Dyrsku'n Arrangement AS, Geir Helge Espedalen, er svært fornøgd med årets besøk.

– Det er langt over dobbelt så mange på campinga som i 2019, fortel Hovland.

Vel 450 campingbilar og vogner, 140 utstillarar og på fredag besøkte totalt om lag 3000 gjester Vårmarknaden. Når VTB er på marknaden på laurdag, har arrangøren enno ikkje tala for dagen klare. Men dei veit det er godt over gårsdagen.

– Me brukte opp ein del av maten me tenkte me skulle ha i dag, så me hadde folk ute tidleg i dag og gjorde nye innkjøp, smiler Hovland.

– Det er så positiv stemning heile vegen. Alle er så glade, gjester, dei som jobbar, alle saman, legg ho til.

Vårmarknaden starta som ein bruktbilmarknad, men nå kan ein få tak i alt frå spekepølser til antikvitetar, men bilutstillinga er framleis sentral. Det er mange oppgåver, og både tilsette og frivillige står på heile helga.

– Me er rundt 150 personar, både tilsette og frivillige som er i sving, seier Hovland.

Populært med lodd

Trenarar og spelarar på Gutar12 er også i arbeid i helga. Her går loddsalet unna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er den fyrste salsdugnaden me har etter korona, ja, fortel fotballtrenar Thomas Falck.

Dei tener inn pengar slik at laget kan reise på cupar, og gjere andre sosiale ting saman. Foreldre kjem med premiar, men næringslivet er også flinke til å gje premiar.

Dugnadsgjeng: Trenarar og spelarar på fotball-laget Gutar12 i Seljord selde mykje lodd på Vårmarknaden. Thomas Falck (f.v.), Jonathan Falck, Pål Sylwester Witczak, Edvard W. Telnes og Erlend Slettemeås Hansen.

– Det er veldig bra. Det har vore mange folk, og salet har vore bra. Mange premiar har gått, fortel Falck.

Gutane er også ivrige i dugnadstenesta. Ein av superseljarane på laget er Olav Johannessen.

– Han er toppseljaren vår, rosar Falck.

– Har du noko gode salstriks?

– Berre springe rundt og spørje alle, avslører Johannessen.

– Ingen slepp forbi?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, smiler han.

Toppseljar: Olav Johannessen har gode salstriks på lur.