Vest-Telemark serniorlæring: Ellen Marie Prag fortalde om primstavens ulike teikn knytt til jolehøgtida, og om kokebokforfattaren Henriette Schønberg Erken sine oppskrifter då seniorlæringa samla 40 vesttelar på frivilligsentralen i Seljord. Foto: Tone Tveit

«Et meire å bite 'ti»

Merkedagar og joletradisjonar blei tema då Ellen Marie Prag og Vest-Telemark seniorlæring inviterte til førjolstreff på frivilligsentralen i Seljord med Geirr Lystrups «Kakelinna» som intro.

– Denne boka fekk mor, og eg arva den av henne, fortel Ellen Marie Prag, medan ho lyfter fram ei stor, godt bruka og sliten kokebok skrive av Henriette Schønberg Erken.

Saman med Reidar Skogheim blei årets siste treff i Vest-Telemark seniorlæring opna med visa «Kakelinna» av Geirr Lystrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er den femtande utgåva av kokeboka, der den fyrste varianten blei gjeven ut i 1914, og boka har eg nesten slite ut. Henriette Schønberg Erken er Noregs fyrste store matmor, seinare har me fått Ingrid Espelid Hovig og Bodil Nordjore. Tre store matmødrer, sa Prag då Vest-Telemark serniorlæring var samla på frivilligsentralen i Seljord ein føremiddag i desember.

Prag fortalde om Schønberg Erken som reiste til Berlin for å utdanne seg innan matstell, og som seinare skreiv mange kokebøker, starta lærarinneskule, underviste og heldt foredrag.

– Eg har hatt mykje glede av kokeboka og oppskriftene. Det er kanskje spesielt jolebaksten, tips innan slakting og korleis ein lager gode medisterkaker eg har henta flest tips om, fortalde ho.

Rikt illustrert: Slik skulle eit skikkeleg joledessertbord sjå ut, i fylgje Noregs fyrste matmor Henriette Schønberg Erken (1866-1953). (Bilde frå kokeboka) Foto: Foto frå boka

Lefse, lompe, humpe, stumpe

Oppskrifter og tradisjonar knytt til matstell og kakebakst blei knytt saman med merkedagane me har på primstaven heilt frå joleførebuingane tok til den 11. november.

– I førjolstida krympa ein inn på maten slik at ein skulle setje meir pris på alt det gode som kom på bordet til jol, fortalde Prag og tok føre seg dei ulike merka på primstaven gjennom adventstid, til kakelinna og solsnu, til tollesmesse 23. desember då heile familien skulle i badestampen, og dei vaksne gjerne fekk ein badesup.

– Og det var veldig viktig at badevatnet ikkje blei tømt ut før 1. juledag, fortalde ho og snakka om skikkar knytt til dei følgjande dagane gjennom jolehøgtida og ut i det nye året.

– Me ser fram til nye seniortreff på nyåret der me kanskje vil ta opp korleis ein brukar telefon og data, og me ynskjer å bli betre kjent med alle kulturinstitusjonane og musea me har i regionen, så me har mykje spanande på gang, sa Skogheim.

Henriette Schønberg Erken

Hushaldingslærar og kokebokforfattar

Ho gjorde eit banebrytande arbeid for husstellsaka i Noreg, spesielt gjennom kokebøkene sine, som blei svært mykje seld og bruka.

I dei fire fyrste tiåra av 1900-talet dominerte Erken kokeboksektoren så mykje at titlane hennar utgjorde 25–40 prosent av marknaden. I tillegg haldt ho populære demonstrasjonar i matlaging, både rundt i landet, og ved hushaldingsskulen ho hadde på Dystingbo nær Hamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamle oppskrifter: Ellen Marie Prag arva kokeboka til Henriette Schønberg Erken frå mor si, og fortel at ho er glad i mange av oppskriftene på jolebakst. – Boka har mellom anna grundige forklaringar på slakt, kaker og matoppskrifter, seier Prag. Foto: Tone Tveit
Inviterte til allsong: Reidar Skogheim ynskte velkomen til seniorlæring med songen om kakelina, og Ellen Marie Prag spela fiolin. På nyåret vil Vest-Telemark seniorlæring ha eit nytt treff. Foto: Tone Tveit
Godt til kaffien: Gjestene på seniortreffet fekk servert Mor Monsen-kake, peparnøtter og peparkaker etter foredraget til Ellen Marie Prag. Foto: Tone Tveit
Kaffikos og røer: Ellen Marie Prag fortalde om primstavens ulike teikn knytt til jolehøgtida, og om kokebokforfattaren Henriette Schønberg Erken sine oppskrifter då seniorlæringa samla 40 vesttelar på frivilligsentralen i Seljord. Etter foredraget var det kaffikos og røer for dei frammøtte. Foto: Tone Tveit
Kakelinna

Ha Ti Dæ!

Eg var liten loddseljar

Kom inn på Søre Jorde

Skjønar kje no at eg torde

Komen innom døraglytten

Drog dei meg innåt bordet

Gamla kom med traktemang

Lefse lompe stompe dompe

Snippe snuppe honningkake

Duppa i sukker og lake

Skrylla mi er feit og god

Ei krummelkake må du smake

Et meire biteti

Gamla sto og truga meg

Te tøyge ut magamålet

Under kva vombe kan tåle

Straks eg åt eit rjomebrød

La ho fram eit nytt på skåle

Nytta ikkje takke nei

Lefse lompe stompe dompe

Snippe snuppe honningkake

Duppa i sukker og lake

Skrylla mi er feit og god

Ei krummelkake må du smake

Et meire biteti

Magen tok te vrenge seg

Og verke, eg gret meg sinna

Ingenting beit på vertinna

Heten steig, i buksa blei det

Reinaste kakelinna

I den søte juletid

Lefse lompe stompe dompe

Snippe snuppe honningkake

Duppa i sukker og lake

Skrylla mi er feit og god

Ei krummelkake må du smake

Et meire biteti

Gamla sør i Jorde kjøpte

Ikkje noko lodd, for gjesten

Rømte på ullsokkelesten

Rømte heim med 24

Uselde lodd bak vesten

I kransekakelotteri

Lefse lompe stompe dompe

Snippe snuppe honningkake

Duppa i sukker og lake

Skrylla mi er feit og god

Ei krummelkake må du smake

Et meire biteti

Tekst: Geirr Lystrup