Morosamt: Vetle Heimdal Kleiv og Ipek Z. Akdogan synest «Underjordisk reise» var veldig morosamt, og fann fram både femmar og seksar på terningen.

Elevane gav terningkast til det lokalprodusert teateret «Underjordisk reise»

Tysdag var det urpremiere på det lokalproduserte teaterstykket «Underjordisk reise» på Granvin i Seljord. – Det var veldig gøy, og morosamt med historie, seier Vetle Heimdal Kleiv.

– Eg synest også det var morosamt, fortel Ipek Z. Akdogan.

Når dei to tredjeklassingane skal gje terningkast på teaterframsyninga «Underjordisk reise» hamnar Vetle på ein blank seksar og Ipek ein femmar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag var dei eldste ungane i barnehagen, og 1.- 5. klasse frå Seljord skule på urpremiere på Granvin kulturhus. Den underjordiske reisa opnar med at to damer kjem slepande på kvar sin enorme koffert inn på scena. Dei slepar og syng, og fnising og latter spreier seg fort blant publikum.

Endre Nordstoga og Irmelin Meinstad går i 4. klasse og har også fått i oppdrag å gje terningkast.

– Eg merka at det passa for dei som var litt mindre også, men eg synest også det var litt morosamt, fortel Irmelin.

– Men om me hadde gått i 5. eller 6. klasse, trur eg ikkje det hadde vore så morosamt. Ikkje for å vere kritisk, altså, legg ho til.

– Eg synest også det var veldig kult, og songane var morosame, seier Endre.

Ein god fire: Endre Nordstoga synest «Underjordisk reise» var kult, og likte godt songane.

– Lærte de noko nytt?

– Eg hadde høyrt om alt, men eg veit noko dei kanskje ikkje veit. At huldra treng ikkje hale, dyra treng hale for å halde balansen, men det treng ikkje huldra, fortel Vetle.

Fire pluss: Irmelin Meinstad gav «Underjordisk reise» terningkast fire, fire pluss.

– Eg visste faktisk ikkje at halen til huldra ramlar av når ho giftar seg med eit menneske, seier Irmelin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Irmelin og Endre hamnar begge på ein firar når dei skal trille terningen.

– Men det er fire pluss, påpeikar Irmelin.

– Ja, ein sterk firar, nikkar Endre.

Tussar, troll, skipsnisse og huldra

Godt samarbeid: Hæge Manheim (t.v.) og Inger Merethe Johnsen samarbeidde med stykket «Spaden må gå jamt». Nå er dei aktuelle med barneframsyninga «Underjordisk reise».

Det er Teater Fabel og duoen bak teaterstykket om Rui-jentene, Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen, og regissør Hans Jacob Sand frå Gvarv, som står bak «Underjordisk reise».

– Me har samla og sanka saman segner, mytar og songar, gjort eit utval og skrive dette saman, fortel Manheim til VTB.

Etter urpremieren er neste stopp skulen i Flatdal, og Manheim fortel at det ikkje hadde vore mogleg å produsere eit teater lokalt utan kulturhuset.

– Eg må rose Granvin kulturhus og Seljord kommune. Me har fått vere her i kulturhuset og øvd, det har vore veldig bra, fortel ho.

Ideen bak teaterstykket var å lage ei reise gjennom det nye storfylket Vestfold og Telemark. Medan det var mykje å hente i Telemark var det litt meir utfordrande i Vestfold.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har mykje hulder-historier og skipsnissar, så det har me henta der, fortel Johnsen.

I framsyninga tek dei med publikum på ei reise der dei er på leit etter dei underjordiske, tussar og troll. Saman med Dokka Tussetuss tek dei publikum på reise frå Seljord, til Totak på Rauland, til Åmotsdal og Trollbotn på Seljordshei, der det visstnok var «uhorveleg med tussar», så går ferda til Bø og vidare mot kysten og Vestfold der me møter både huldra og skipsnissar.

– Me håpar dei får litt identitetskjensle til eige fylke, og der ein kjem frå. Me vil gjere ungane litt kjende med segn og mytar og gjere dei litt nysgjerrige på eigen kultur, fortel Manheim.