Ei tidlaus forteljing: I framsyninga får publikum vere med på ei spanande reise saman med tre små griser som blei sendt ut i verda av grise-mor for å søkje lykka.

Dokketeateret «De tre små griser» til Vinjehuset

Fredag 6. mars kjem Teater Fabel til Vinjehuset med ei familievenleg framsyning om tre små griser som søkjer lykka i den store verda.

Den 35 minuttar lange framsyninga passar godt for aldersgruppa tre til ni år. Dokkespelarane er godt synlege for publikum og dokkene har «god storleik».

I framsyninga har grunnleggar av Teater Fabel, skodespelar og forteljar, Inger Merethe Johnson fått med seg Erlend Tveite, og saman viser dei fram den tidlause historia om dei de små grisene ved hjelp av dokker og ein stor, stygg ulv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teater Fabel

Etablert av Inger Merethe Johnsen i 1998

Ho er forteljar og skodespelar i Teater Fabel

Ho skriv manus, lager teaterdokker, spelar både figurteater og andre sjangrar

Teater Fabel lager også framsyningar saman med andre, det vere seg musikarar, forteljarar og skodespelarar

I år har Johnsen med seg Erlend Tveite