Vil ha ljos: Dei to bestemødrene spelt av Johanna Lundeberg Krossbakken (t.v.) og Ingeborg Lie Lundeberg vil ha ljos i grendene, og reiser til kommunehuset for å demonstrere.

– Dikkon vil ha ljos i Kviteseid og halde Brunkeberg i mørkeret!

Det var sketsj med politisk sting, utstillingar og merkeutdeling då Tiuren 4H i Brunkeberg hadde sin årlege haustfest på laurdag.

Johanna Lundeberg Krossbakken og Ingeborg Lie Lundeberg kledde godt rollene som to samfunnsengasjerte bestemødrer som tek bussen frå Brunkeberg til kommunehuset i Kviteseid for å kjempe for lys i grendene. Og særleg til Brunkeberg.

– Alt skø til Kviteseid! Dikkon vil ha ljos i Kviteseid og halde Brunkeberg i mørkeret, ropa dei to bestemødrene frå Brunkeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ljos til alle» hadde dei skrive på skilta dei veiva med, og dei slår seg ned med telt på parkeringsplassen ved kommunehuset. Både rådmann og ordførar må tilkallast for å få demonstrantane til å fjerne seg. Ein av dei er også barnebarnet til ei av bestemødrene, og dei reiser til slutt heim for å lage kjeks.

– Sosialt og frykteleg lærerikt

Tiuren 4H i Brunkeberg har tretten medlemer, dei yngste går i 5. klasse dei eldste er sytten år og går i 2. klasse på vidaregåande.

Johanna Lundeberg Krossbakken er leiar, og har vore med sidan ho gjekk i 4. klasse.

– Det er fint fordi du får dyrke hobbyen din, du får nye hobbyar og lærer nye ting, fortel ho.

Kvart år vel dei seg ei oppgåve som dei arbeider med gjennom året, og presenterer på haustfesten. I år har Johanna hatt foto.

– Eg har tatt bilde, prøvd å lære meg nye teknikkar og har lært litt undervegs. Eitt år hadde eg jegerprøva som oppgåve, det er det eg har likt best.

Foto: Johanna Lundeberg Krossbakken går i 2. klasse på vidaregåande, men har vore med i Tiuren 4H sidan ho gjekk i 4. klasse.

Sondre Evja er også sytten år, og ein veteran i Tiuren 4H.

– Eg starta fire år for tidleg fordi eg har to eldre systrer som var med, fortel Sondre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år har han hatt avløysar som oppgåve.

– Eg er fast tilsett som avløysar hos Halvor Heggtveit i Kviteseid, og har vore det i tre år. Eg trivst veldig godt med det. Eg er veldig glad i å køyre traktor, glad i dyr og det er variert arbeid, fortel Sondre som går i 2. klasse på Vest-Telemark vidaregåande på Dalen, og skal bli landbruksmekanikar.

Avløysar: Sondre Evja jobbar som avløysar og har derfor valt det som sin oppgåve i år.

Tidlegare har han hatt gitar, friluftsliv og neste år, som blir hans siste, er planen å ha førarkort som oppgåve.

– Kva er det som gjer at du har vore med så lenge?

– Det er sosialt, frykteleg lærerikt, ein kan vere med i styret og få erfaring med rekneskap og ein kan også reise på landstreff om ein vil, fortel Sondre.

Bad, bål og tur

På haustfesten viser også ungane bilde frå turar og aktivitetar dei har vore med på gjennom året. Overnatting ute, Rjukanbadet, skibakken på Rauland, matlaging på bålpanna og overnatting i gymsalen på Brunkeberg. Mellom anna.

Fint med 4H: Vincent Berstad (f.v.), Tarjei Midtbøen Kvålseth, Trygve Lie Lundeberg og Olav Haugen likar at dei gjer ting saman som å reise på turar.

– Det er gøy å gjere noko saman, fortel Vincent Berstad.

Kompisane Trygve Lie Lundeberg, Tarjei Midtbøen Kvålseth og Olav Haugen er einige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, me er med på turar og finn på mykje forskjellig, seier Tarjei.

I år har Vincent hatt manga (japanske teikneseriar), Tarjei hatt friluftsliv, Trygve kaninar og Olav hatt hundetriks til Stjerna, som er hunden hans, som oppgåver. Variasjonen er altså stor.

– Kjem de til å bli med fleire år?

– Ja, trur det, nikkar gutane.