Pilegrimsvandring: Tonje Røisgaard og Tor Eivind Erikstein fører an i følgjet over ein stor bekk, som det var mange av på denne etappen. Denne dagen enda følgjet på Dyrskard.

Den mangfaldige pilegrimen

Frå tysdag til torsdag gjekk «Vandre med håp» over Haukelifjell til Røldal. Deltakarane utgjorde ei mangfaldig gruppe med ulik bakgrunn, og dugnadsånda var sterk.

Vêret var ikkje heilt på deira side, men mange var glade for at det verste regnet uteblei. For mange er denne pilegrimsturen årets høgdepunkt, og stemninga var god både på dagtid og på kvelden på den gamle, no nedlagde, Fjellstad turistheim.

Fyrstegongsreisande

Som vanleg var det ei blanding av unge og eldre deltakarar, med ulik fysisk form og mål. Nokre gjekk heile ruta, medan andre tok kortare etappar. Mange deltok for fyrste gong, medan andre er veteranar. Pilegrimsturen vert arrangert av diakon Eilev Erikstein og psykiatrien i Vest-Telemark, og mykje av arbeidet baserer seg på dugnad. Erikstein seier at folk alltid er villige til å hjelpe til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klare: Nokre av deltakarane samla framfør Fjellstad før avmarsj andre dagen. Det var om lag 60 personar som gjekk denne dagen.

Ingrid Seltveit frå Skafså var med for fyrste gong i år. Ho har røynsle med turgåing, men var likevel spent på den fyrste etappen, som var om lag 15 km lang. Ho syntest turen gjekk over all forventning og rosar miljøet for å vere ope og inkluderande.

– Alle trur at denne pilegrimen er for folk med psykiske problem, men den er for alle. Her finn ein mosaikk av typar, og røynsler som eg håpar å dra nytte av, fortel Seltveit.

Dugnadens betydning

Ordet «pilegrim» tyder framand, og i dag kan ein pilegrims mål vere kva som helst, ikkje berre religiøst. Erikstein meiner det handlar om å opne seg for nye ting og erfaringar.

– Å vera pilegrim tyder å opne seg for nye ting. Det er ein metafor for korleis livet er og mange av deltakarane opnar seg opp under vandringa. Pilegrimen er mykje improvisasjon undervegs. Alt kan fiksast, ordnast eller løysast undervegs, det er i alle fall mitt motto, fortel Erikstein.

Dugnad tyder å gjere noko saman, og under denne turen var det mange friviljuge som bidrog med mat og støtte. Når nokon opplever noko fint, får dei ofte lyst til å gje noko tilbake, seier Erikstein.

Å ta imot framande

Vaksenopplæringa i Tokke var også med på turen. Lærar Oddvar Hægeland fortel at dei ønskjer å introdusere innvandrarar for norsk turtradisjon og fellesskap.

På tur: Elevar ved vaksenopplæringa i Tokke stilte sporty opp på onsdagens etappe.Framme frå venstre: Yevhen Lutsyk, Oksana Zhyvaha, Victoriia Rudenko og Luidmyla Bala. Bak frå venstre: Senayt Gebreselase, Oddvar Hægeland, Marie Salmelid Solbekk Wærmo og Alina Kryvsun.

På turen blei det også eit møte mellom pilegrimar. Kvitsund gymnas har eit prosjekt på skulen der elevane går pilegrimen frå Vest-Telemark til Røldal i løpet av tre år. Tysdagskvelden var regnfull og våt. Det gjekk utover lavvoane til skuleelevane, som fekk oppleve gjestfridomen då dei fekk varme seg og sove i restauranten på Fjellstad.

Innom: Nokre av elevane frå Kvitsund som var innom Fjellstad tysdagskvelden. Trass i at dei var våte til skinnet, var stemninga god. Men vedomnen var fyra i og var god å sittje rundt.

Plutseleg vart pilegrimar vertskap for andre pilegrimar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva ein treng for vera pilgrim?

Det å vera pilegrim er ganske enkelt.

Eit bein framom det andre, mange nok gonger, til ein er framme ved målet.

I botn finst fridomen.

Ro i utsikta nedover Austmannlia.

Å oppleve god stille i lag med mange.

Deling av gleder og sorger, og kanskje ei nistepakke.

Så forstår ein kor lite ein treng for å ha det godt; eit par sko og skift når ein er våt.

Glede og god kjensle over å få røre seg,

Og så for mange rom for eksistensielle tankar, og ein høg himmel over livet.

Eilev Erikstein, prostidiakon

Turka: Miljøarbeidar William Sutherland ved Kvitsund gymnas nytta høvet ved besøket på Fjellstad til å tørke ei bukse framfør vedomnen.