Eit sakn, ein sykkeltur og ein restplass – slikt kan det bli nye vesttelar av

I ein krok på Lega-kafeen på Rauland sit ein heilt fersk vinbyggje. – Det er tre dagar sidan eg flytta hit, fortel Matilde. – Og vegen hit starta på sykkeltur i Sverige i sommar.

Matilde Solberg Clemetsen er frå Nesodden og har engasjert seg i klima- og miljøspørsmål sidan før Greta Thunberg. No arbeider ho med sirkulærøkonomi.

– Og den jobben kunne eg ta med meg hit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter tre dagar i Vinje er det nokre ting som har gjort inntrykk.

– Mengda snø. Roa og stilla. Og talet på folk.

Restplass på Rauland

På sykkeltur i Sverige i sommar med kjærasten Jørgen kjende Matilde på ei lengting.

– Eg stoppa ved kvart einaste nedlagde småbruk og spurte om me skulle kjøpe det. Han var skeptisk i starten, men etter kvart med på tanken. Og på toget på veg heim att begynte han å leite etter restplassar.

Då snakkar me ikkje billige flybillettar til Syden, men studierestplassar. Jørgen fann ein på Rauland, og i haust starta han på eit årsstudium i trearbeid. No har også Matilde flytta etter. Ho kjenner på fridomen ved å ha forlate byen.

– Me har ei plantekasse utanfor leilegheita vår i Oslo. Den er om lag ein meter, seier Matilde og viser med hendene.

Friare: – Ein er låst til nokre strukturar i byen, forklarar Matilde. I Vinje er det annleis.

– Og det er hyggeleg det, men det er det eg får. Ein er låst til nokre strukturar i byen, forklarar ho. I Vinje er det annleis.

– Det er så motiverande å vere tett på elementa, med alle moglegheitene det gjev. Som ski, og dyrking av mat. Eg hugsar at eg las ei bok om talet på insekt som forsvinn. «Og så skal eg vere i byen, endå lenger frå insekta,» tenkte eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho og kjærasten leiger no eit tømmerhus på Hylland, men er på jakt etter noko meir varig.

– Me drøymer om eit småbruk. Eg har lyst til å drive med dyrking, og bygging av småting, seier Matilde.

«Eg må legge inn vatn før eg kan selje»

På andre sida av kafébordet har Matilde selskap av Vinjelosen, Silje Hagen. Ei av oppgåvene hennar er å svare på førespurnader frå folk som har lyst til å flytte til kommunen. Ofte kan spørsmål svarast ut med ein gong, med ein telefon eller ein mail, men av og til vert det også fysiske møte som dette.

Lega-møte: Vinjelosen Silje Hagen i møte med nytilflytt vinbyggje Matilde Solberg Clemetsen.

– Vinje er jo pilotkommune i «lys i gamle hus»-prosjektet, og vårt moglegheitsstudium i dette prosjektet er nettopp det å legge til rette for at folk kan prøvebu eit småbruk, fortel Hagen.

Ho og ei arbeidsgruppe er i full gang med å kartlegge moglege eigedommar, men det er ein tidkrevjande prosess. Ein ting er å finne fram til småbruka, men ein må også gå litt varsamt fram.

– Nokre blir brukt i ny og ne, andre står tomme over tid. Og det kan vere ulike grunnar som ligg bak.

– Men det som er kult med dette prosjektet er at kommunen vil at ein skal ta i bruk dei gamle husa, seier Matilde.

Hus treng folk: Den 14. desember var det nasjonal lysdugnad, der ein tenner ljos eller utanpå eit gamalt, tomt hus og legg ut bilete av det med merkinga #lysigamlehus. Matilde og Jørgen har allereie fått det til å lyse i dette huset i Vinje, men leitar etter noko meir permanent. Foto: Privat

– Og ta vare på ressursane i dei gamle husa, for det er ofte materialar av god kvalitet. Og bygningane har mykje historie, nikkar Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men er det nokre tomme hus, da? Er det ikkje husmangel i Vinje?

– Å ja, eg veit i alle fall om ti, og det etter berre tre dagar, utbryt Matilde. Ho har alt begynt å drøyme om å skape liv i eitt av husa, på ein eller annan måte.

– Sjå på dette, seier ho, og dreg fram mobilen.

– Det er så fint, med den verandaen og dei utskjeringane. Men ein ser jo at det er i ferd med å falle saman på denne sida, seier ho og peikar. Ho har funne fram til namn og telefonnummer til huseigaren, men har ikkje tort å ringe enno.

– Eit veldig fint hus, nikkar Hagen. Ho har også ganske mange hus på lista si.

– Men eg har ikkje full oversikt enno, så eg tør ikkje gje noko tal.

Treng ikkje vatn: Vinjelosen Silje Hagen understrekar at huseigarar ikkje treng å setje i stand hus for at folk skal ønskje å flytte dit. – Eg vert kontakta av folk som gjerne kan flytte til ein staule utan vatn og straum. Det er mange som ønskjer å setje i stand sjølve.

Både ho og Matilde er einige om ein ting: Dei gamle husa og småbruka som finst er gode nok akkurat som dei er.

– Nokre har sagt slikt som «eg må jo legge inn vatn før eg kan selje». Men det treng ein ikkje. Eg vert kontakta av folk som gjerne kan flytte til ein staule utan vatn og straum. Det er mange som ønskjer å setje i stand sjølve, forklarar Vinjelosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein ven av meg har kjøpt småbruk utan vatn og straum i Nissedal, supplerer Matilde.

– Dei hadde kronerulling i familien for å få tak i vatn til bursdagen hans.

Ein stad som framhevar og tek vare på tradisjonane

– Kunne du like gjerne gått for eitt av småbruka de sykla forbi i sommar?

– Nei, Sverige hadde blitt litt langt borte. Og det kunne nok ikkje vore Nord-Noreg eller Trøndelag heller, seier den nye vinbyggjen. Kanskje var det meininga at det skulle bli Telemark, for Matilde budde i Bø til ho var fire år gamal.

– Eg har alltid tenkt at eg skal attende til Telemark. Det er litt attende til røtene mine. Og det er spesielt å vere på ein stad som framhevar og tek vare på tradisjonane, slik ein gjer her. Både når det gjeld trehandverk og byggeskikk, men også andre tradisjonar, slik som her på Lega, seier ho og kikkar bort mot bakeriet, der flatbrødleivane ligg klare til å bli steikte på takke.

Eg har alltid tenkt at eg skal attende til Telemark. Det er litt attende til røtene mine.

– Det er bra du seier det, for det er ikkje sjølvsagt at dette vert vidareført. Det må lærast, og overførast til kvar nye generasjon, seier Hagen.

– Og no har det liksom skippa ein generasjon. Besteforeldregenerasjonen, der kunne alle bake og sy og bygge ting, meiner Matilde.

–Jon Bojer Godal sa at når ein handverkar døyr, er det som eit bibliotek brenn. Det synest eg er eit godt bilete. Det sit i hendene, og ein må herme for å lære det, svarar Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einige: Vinjelosen og innflyttaren er einige om at ein må ta handverket attende før det går tapt. Hagen siterer Jon Bojer Godal: «Når ein handverkar døyr, er det som eit bibliotek brenn».

Tun med rom for fleire

Matilde har eit tips til Vinjelosen i det vidare arbeidet med å få lys i gamle hus.

– Ein treng ikkje tenke ein familie – eitt hus. Det er fint med eit tun med rom for fleire. Det vert meir robust for oss som flyttar, og så var det jo tradisjonelt slik at fleire familiar budde saman før.

– Skal du og Jørgen vere storbøndene då, og resten husmenn?

– Neida, eg er av husmannsslekt, eg, ler Matilde.

Ho ønskjer seg også eit lokalt nettverk, og har alt meldt seg inn i Husflidslaget.

– Og eg vil melde meg inn i DNT, og så er det ei klatregruppe eg kunne tenke meg å bli med i, listar ho opp. Så legg ho til:

– Eg håpar jo verkeleg at eg har blitt kjent med nokre nye folk før det vert jol.

Ho og Jørgen har også invitert eit par vener frå Oslo som Jørgen skal lære å spikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og seinare har me planar om å få til ein workshop i skogen og lage winsdor-stol, fortel ho engasjert.

– Det er ein del av draumane ved å vere her.

Men nokre meir plikt-prega oppgåver må også gjennomførast for å få draumen til å fungere.

– Ja, eg måtte love mor mi at eg skal ta lappen.