Opninga: Statsminister Jonas Gahr Støre lak frå statsbudsjettet for neste år der regjeringa gjer framlegg om å gjeva Seljordsdyrskuen tre millionar kroner i direkte tilskot.
Gledeleg melding: – Med dei ekstra pengane frå Staten håpar eg billettprisen blir lågare neste år, sa ei dame i den store publikumsflokken. I tillegg til hundrelappen ho betala for å setje frå seg bilen, hadde ho betalt 280 kroner for inngangsbilletten.
Fareskilt: Kva er teksten på fareskiltet han har under armen, tru?
Fylleprat pågår: Bonden frå Numedal var ikkje vanskeleg å få til å vise fram skiltet han hadde kjøpt seg.
Dom: Avlshoppa fekk 8 poeng for beinkvalitet og beinstilling, og ho blei påstått å ha eit sterkt og velforma kryss.
Populær genser: H-genseren, klesmerket som den nygifte kongsdottera er medeigar i, kostar sine tusenlappar. Men Svanlaug Ofte Solås hjå Evelyns magasin AS fortel at mange kjøper, og at butikken hadde rekordomsetnad dei fyrste dyrskudagane.
Skjemt og alvor: Ein halvtimes tid med skrøner om Aslaug Brubakken, nokre hardingfeleslåttar, inkludert «Budeiene på Vikafjell», og underfundige dikt av Alf Haugland. Knut Buen (t.v.) og Halvor Kleppen.
I bunaden: – Telemarkskyrne ser ut som dei alltid gjeng i den rosesauma bunaden, kommenterte ein av publikumarane om dei staslege kalvane.
På Brennehaugen: Geitene tenkte vel heller meir på det gode beitet enn det faktum at dei kleiv på ein gravhaug frå jernalderen.
Spel: Gro Verpe Moen (t.v.), Reidun Øverland og Knut Buen.
Trugen dyrskugjest: 93 år gamle Annbjørg Romtveit frå Vinje likar seg alltid like godt på Dyrsku'n.
Kaffikos: Kaffien på Sterke-Nils-tunet blir koka i ein stor, svart kjele over bålet og servert til dei som set seg ned for å kvile.
Smør og ost: Kari Aarbakk frå Flatdal tilbyr smaksprøver både av ymse ostar, prim og nykinna smør.
Klokkehandlarar: Desse karane frå Kristiansand fortel at dei har seld mellom 40 og 50 knivar og 25 lommeklokker, inkludert budeier – altså kvinneklokker. Det er det 55. året Alf Larsen (t.v.) er på Dyrsku'n. Han er av dei reisande, ei folkegruppe det tidlegare var mange av på fesjået, men i år har han berre sett mellom 15 og 20. Barnebarnet hans har tatt tilbake familienamnet og heiter Per Christian Griffenfeldt.
Handverk: Torill og Gunnar Aafløy frå Seljord har stand i hall A, og sel trearbeid, rosemåling og måleri.
Dugnadsarbeidaren: Seljordingen Fredrik Flatland, som er busett i Porsgrunn og nyleg tilsett om sjef for Meny på Down Town, er heime og jobbar dugnad for Røde Kors frå torsdag til sundag.
Dyr: Skjødehundar var nok det dyreslaget ein såg mest av på årets dyrsku, her representert ved ein pomeranian frå Froland. Den vesle dotten veg under kiloen.
Seksjonsleiaren: Trond Neri Flothyl hadde oppgåva med å leie politifolka. I år arrangørkostnadene for ekstern beredskap estimert til om lag 700 000 kroner. Av politiloggen går det fram at ordensmakta hadde lite anna å ordne opp enn ein del episodar i kategorien «ro og orden».

Glimt frå dyrskulivet

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS