Elevane var høgt og lågt i klatreparken

Tokke-ungdomar på tur i Høyt & lavt-parken i Bø.

27 elevar mellom 13 og 18 år var tysdag på tur til klatreparken i Bø. Dagen blei avslutta med pizza på Pizzafjoset og alle elevar og dei vaksne var veldig fornøgde med dagen, melder Kåre Lønning Solvang som er nytilsett miljøterapeut i Tokkeskulen.

Turen er finansiert gjennom stønadsordninga «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge» frå Bufdir for å skipe ferieaktivitetar for alle. Tokke har ein veldriven ungdomsklubb, men ynskjer at dette skal vere eit godt supplement for ungdomstilbodet i feriane.

Artikkelen held fram under annonsen.