Trygg børning: Ein skimtar såvidt ambulanse og brannbil gjennom all røyken.

Vinjedagane: Svidd gummi og vare tonar

Vinjedagane 2022 baud på marknadsstemning, tivoli og god underhaldning av mange slag. – Det ligg nok nokre kilo gummi att her, smiler børning-ansvarleg Øyvind Gjerlid.

Ligg att litt gummi: Børning-ansvarleg Øyvind Gjerlid synest det vart eit vellukka børning-show. – Her er alt frå 2-åringar til 80-åringar og ser på. Det er kjempemoro, og så er det sjølvsagt bra at det skjer på ein trygg måte og ikkje ute i trafikken, seier han.

Gjerlid er også president i Amcar Vest-Telemark, og meiner ein godt kan bruke litt pengar på både dekk og drivstoff.

– Eg brukar å seie at bilane brukar 0,7 liter på mila, og resten er hobbyutgifter, smiler han. (For dei som er like lite bilkunnige som bladfyken, betyr det om lag 2 liter mila i hobbyutgifter.)

Artikkelen held fram under annonsen.

I innsjekkinga til amcar-utstillinga sat tre veldig stilfulle damer. Alle tre er medlemmar i Amcar Vest-Telemark, trass i at to av dei bur i grenlandsområdet.

Vakre kjolar: Irene Pettersen frå Porsgrunn i kvit kjole, Inger Kristin Rønningen frå Vrådal i blå og Nina Rød frå Skien i raud.

– Det finst sikkert ein Grenland Amcarklubb, men me er så glade i klubben her i Vest-Telemark, seier grenlandsdamene Irene Pettersen og Nina Rød.

– Det er eit ordentleg jentemiljø i Amcar Vest-Telemark også, og det er flott. Rundt 15-16 av dei 186 medlemane er jenter. Det er ikkje så verst det, faktisk, smiler Rød. Sjølv har ho to bilar på utstilling på Vinjedagane.

Songfugl frå Tinn

Etter nokre velvalte ord frå ordføraren, var det 19 år gamle Malin Røysland Skårberg som opna Vinjelaurdagen musikalsk. Ho har kveda sidan ho var fem år, og studerer no på akademiet. Publikum fekk høyre materiale etter fire ulike læremeistrar, og mest lått vart det av Fræmindkaren etter Unni Boksasp, som sluttar slik:

So te alle fræmindkara som vi tinndøljentun sjå:

Kjøp ei lykt o lite olje so ’re vægen ser å gå.

So ’re ikkje gjæng mæ dikkan som det gjekk mæ dennan her:

At’n låg i hop mæ kara som va kledt i kvennfolkklær!

Artikkelen held fram under annonsen.

Vare tonar og drag-humor: Malin Røysland Skårberg fekk fram både melankoli og humor med steva og visene ho framførte.