Uendra tilbod: Avtroppande dagleg leiar i Vinje Taxi, Lars Martin Kåsene seier tilbodet frå skipnaden vil halde fram som før.

Taxi-leiar: – Eg orkar ikkje ligge vaken og tenkje på alle me ikkje har kapasitet til å hente

Avtroppande dagleg leiar i Vinje Taxi, Lars Martin Kåsene er kritisk til det nye drosjeregelverket, som tredde i kraft 1. november. Også ordførar Jon Rikard Kleven trur dei nye reglane kan by på fleire problem enn dei løyser.

Dei nye reglane fører med seg fleire store endringar i drosjenæringa i landet, mellom anna blir det slutt på behovsprøvinga, ordninga som har gjer at fylkeskommunen har ansvar for å bestemme kor mange løyve som blir delt ut i sine distrikt. Dei nye reglane medfører også at ein går bort frå ordninga med køyreplikt, som opnar for at ein kan arbeide som drosjesjåfør på deltid.

– Fjerning av køyreplikta er ein del av sakas kjerne. I Vinje kommune skjer størsteparten av privatkøyringa på Rauland, medan det i Åmot er meir køyring knytt til pasienttransport og andre kontraktfesta oppdrag. Det er alt problem med å få tak i drosje på Rauland, og dette kjem berre til å gjere det vanskelegare, seier Lars Martin Kåsene, avtroppande dagleg leiar i Vinje Taxi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kåsene er sterkt kritisk til dei nye reglane, og seier dei spela ei betydeleg rolle då han bestemte seg for å gje seg i bransjen.

– Det kjem til å bli oppringingar døgnet rundt frå folk som ikkje får tak i skyss. Pasientkøyring strekker alt kapasiteten vår. I tillegg til å få oppringingar frå heile kommunen, blir me ringt til frå Hovden, der det ikkje drosjetilbod. Med dei nye reglane kjem dette til å bli endå verre. Eg orkar ikkje ligge vaken og tenkje på alle me ikkje har kapasitet til å hjelpe, seier han.

– Det har tatt bort mykje av yrkesstoltheita. Det blir slutt på kurs og tilrettelegging for at sjåførane skal kunne gje kundane det vesle ekstra, held Kåsene fram.

Regjeringa har uttalt at målet for dei nye reglane er å gjere drosjemarknaden meir konkurransedyktig og gjere det billigare for forbrukaren.

– Eg tvilar på at dei nye reglane vil ha denne effekten. Dei har gjort det dyrare for dei som driv i drosjenæringa, dei har fjerna refusjonsordningar og auka momsen, altså tatt bort alt av fordelar ved å byte bil. Dette kan fort føre til at det blir venta lenger med å oppgradere bilparken, noko som igjen vil føre til dårlegare tryggleik for passasjerane, seier Kåsene.

Uendra tilbod frå Vinje Taxi

Kåsene understrekar at trass i at han no gjev seg, vil tilbodet frå Vinje Taxi vil vere som før.

– Ny drivar er på plass og skipnaden vil skifte namn frå Vinje Taxi DA til Vinje Taxi AS. Utover det blir det ingen endringar i tilbodet, både sjåfør- og biltal vil halde seg på dagens nivå. Det kan til og med sjå ut til at det blir kjøpt inn endå ein bil, seier han.

– For pasientreiser er dette kontraktfesta med kommunen, og tilbodet vil vere som i dag i alle fall til den noverande kontrakten går ut om tre år. Me har også kontraktar med fylkeskommunen på skulekøyring og køyring i samband med ekspressbussane sine ruter, held Kåsene fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordringar over lengre tid

Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) seier det har vore utfordringar knytt til å få tak i drosje i kommunen over lengre tid, og at regjeringas oppmjuking av krava for å få drosjeløyve fort kan gjere desse utfordringane endå større.

– Fylkeskommunen sin løyvepolitikk har ført til at mange løyve blir fordelt på få aktørar. Dette er noko kommunen har kjempa mot tidlegare. At regjeringa no slepper opp vidare, og opnar for å gje løyve på deltidsbasis og firar på kravet om 24 timars tilgjenge, kan føre til at det blir auka konkurranse for dei som i dag har eit fulltidstilbod, seier han.

– Om ein berre har drosjesjåførar som arbeider deltid, risikerer ein situasjonar utan nokon sjåførar på arbeid, held Kleven fram.

Kritisk: Ordførar Jon Rikard Kleven er kritisk til det nye drosjeregelverket som tredde i kraft 1. november.

– Det har vore ein fortvila situasjon

Ordføraren er spesielt bekymra for konsekvensane av eit ytterlegare redusert drosjetilbod på nattetid, då alkohol ofte er inne i bildet og folk manglar andre tilbod for å koma seg trygt heim.

– Det har vore ein fortvila situasjon. Det er alt store utfordringar rundt mangelen på kollektivtilbod i kommunen, og med så store avstandar og ofte for dårlege forhold til å sykle. Difor er det særs problematisk om det blir endå vanskelegare å få tak i drosje enn det er i dag, spesielt knytt til folk som skal heim på nettene, seier Kleven.

– Det er godt mogleg dette blir verre, ikkje betre, held han fram.

Ideelt sett ynskjer Kleven at regjeringa kunne gå tilbake på dei nye reglane, og halde på dei gamle.

– Det, saman med ein meir restriktiv praksis frå fylkeskommunen når det kjem til å gje fleire løyve til ein aktør, hadde nok vore det optimale for ein kommune med geografi som Vinje, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å finne meir informasjon om det nye drosjeregelverket, kan du vitje regjeringa si spørsmål- og svar-side.