Oppgraderinga av tungtransport-hengarane har spara Forsvaret for 280 millionar kroner. Det meste av arbeidet har blitt utført i Brunkeberg
I fem år har dei tilsette ved Scania si avdeling i Brunkeberg jobba med å oppgradere tungtransport-hengarar for Forsvaret. Denne veka vart dei siste henta.
Det norske Forsvaret har 56 tilhengarar for transport av tungt materiell. Då hengarane frå 1998 hadde behov for oppgradering vart det bestemt at ein ville prøve å attvinne dei gamle. Arbeidet har blitt utført på Norsk Scania si avdeling i Brunkeberg.
Har spart millionar
– Oppgraderinga har spart oss for rundt 280 millionar kroner samanlikna med om ein hadde investert i nye tilhengarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det seier major Stian Nystad ved Køyretøyseksjonen i Forsvarsmateriell.
Han fortel at prislappen for å oppgradere ein tilhengar er rundt to millionar. Ein tilsvarande ny semihengar kostar rundt sju millionar kroner.
Nystad meiner det er bra å gjenvinne utstyr. Og han er glad for at Forsvaret kan bruke norsk industri til slike oppdrag, og på den måten bidra til sysselsetting i distrikta.
– Det gjev jo ringverknader. Dei har fått tilsett fleire folk, og også investert i nytt bygg.
Forsvaret hadde fyrste møte med Scania i 2017. Avdelinga i Brunkeberg fekk oppdraget med å utvikle ein prototype av hengarane, og i januar 2019 var dei i gang med serieproduksjon.
Fordelen med å bruke Brunkeberg, fortel Nystad, er at dei kan gjere alle arbeidsoperasjonane på same verkstaden.
– Det er dyktige folk. Eg er imponert over det dei har fått til, seier han.
Tusen arbeidstimar
Ute på området til Norsk Scania i Brunkeberg står dei to siste hengarane klare til å bli henta. I fyrste omgang skal dei bli køyrt nordover, men utstyret kan også bli bruka utanlands i internasjonale operasjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire av dei tilsette på verkstaden viser VTB vogntoga. Bilane er nye, men hengarane er renovert.
– Ramma var like bra. Alt det andre er bytta ut, fortel Inge Holte.
Han er mekanikar og er ein av dei som har vore med på arbeidet.
Dei snudde hengaren opp ned ved hjelp av kranbil og skar av alt av gamle feste og brakettar. Så er alt sveisa opp på nytt.
– Det er berre ytterskroget på hengaren som er det same, fortel Holte.
Akslingar, bremsesystem og hydrauliske køyrebruer er oppgradert, og heile det elektriske anlegget er bytta ut. I tillegg er hengarane overflatebehandla. Forsvaret stiller strenge krav til tjukkleiken på lakken.
– Det har gått med 280 liter lakk per hengar, fortel arbeidslaget.
Den store kontrakten gjorde at Scania i Brunkeberg trong fleire folke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg fekk jobb her på grunn av dette, fortel Kristian Stray Jacobsen.
Han er sveisar og fortel at det også har gått med nokre mil med sveisetråd.
Totalt meiner arbeidskarane at dei har bruka om lag tusen arbeidstimar på kvar hengar.
Dei fortel om strenge krav til kvalitet frå Forsvaret.
– Våre køyretøy blir bruka lengre enn andre vogntog, og derfor har me krav til at det skal vare lenge, fortel Nystad som er godt fornøgd med jobben dei har gjort på verkstaden i Brunkeberg.
Har fått fleire oppdrag for Forsvaret
Jan Tore Nes er distriktssjef for den lokale avdelinga av Scania i Brunkeberg. Han fortel at verksemda Haugerød og Nilsen for elleve år sidan vart kjøpt opp av Scania Norge.
– I samband med det var eg med på ein del møte, fortel Nes.
Då vart Scania blant anna utfordra av Forsvaret på om dei kunne bidra med reparasjon og servicar på militære køyretøy. Det stilte dei seg positive til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så fekk dei jobben med å renovere semihengarane. Det var 56 hengarar som skulle bli oppgradert. For at jobben skulle bli gjort fort nok måtte eit firma til bidra. Nå er snart alle dei 56 tilhengarane oppgradert. 31 av dei i Brunkeberg, resten i Namsos.
Nes er svært fornøgd med at den lokale verksemda fekk denne jobben, og fortel om fleire vedlikehaldsoppdrag på militære køyretøy.
Arbeidet med tilhengarane har ført til fleire prosjekt, fortel Nystad frå Forsvaret.
– Me har seks hengarar til, av ein annan type, som skal gjennom same jobben.
Alle dei seks skal bli tatt i Brunkeberg.
– Me håper å få tatt desse dette året. Dei har starta med dei to fyrste allereie.