Traktor på skulen: Even Vindfjell (t.v.), Jonas Flatland, Emil Øverbø, Eirik Øverbø, Øyvind Høgetveit, Håvard Eilevstjønn, Bjørn Aslak Ståland og Mats Engebretsen Foto: Cathrine Strandkås

Køyrde traktor til siste skuledag

Då læraren til 10. klasse i Seljord kom på skulen førre veke vart ho overraska med ei stolt rekke traktorførarar.

Førre torsdag 11. juni var det siste skuledag for 10. trinn ved Seljord barne- og ungdomsskule.

– Åtte av gutane i klassa kom med traktor på skulen, og stilte seg på rekke. Det var åtte kry gutar som er klare for neste kapittel i livet. Alle øvingskøyrde saman med ein av sine føresette, og turen var nøye planlagt, fortel kontaktlærar Cathrine Strandkås.