Får svar på 70 nye prøver i kveld
Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven rosar helsepersonellet i kommunen.
– I og med at fleire helsepersonell er smitta, pågår det no ein stor dugnad blant vårt helsepersonell. Alle er sikkert lei og slitne av korona og alt det ekstra det har medført i år. Likevel stiller dei opp for fullt og gjer ein kjempejobb og mykje ekstra arbeid, melder Vinje-ordføraren i si statusoppdatering på Facebook tysdag.
– Kommunen sine tilrådingar om å avgrense sosial kontakt er for å unngå ytterlegare press på helsepersonellet, held han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
17 personar busette i Vinje kommune er stadfesta smitta. Av desse er 1 innlagt på sjukehus. 44 personar er i karantene. Kommunen får svar på 70 nye prøver i kveld.
– Alt dette er i den same smittekjeda, og vi har førebels oversyn over den. Smittesporingslag har jobba i heile jola, og vore i beredskap i heile jola. Det er bygd på med fleire personar no, og vi har seks personar i smittesporingslaget i beredskap, melder Kleven.
– Vi må hindre at det ikkje dukkar opp nye smittekjeder, eller at den eksisterande utvidar seg vidare, held han fram.