Uvanleg sesong: Formannskapet i Kviteseid stiller med inntil 50 000 kroner i garanti ved eventuelle inntektstap i årets sesong.

Stiller med garanti på inntil 50 000

I førre vekes formannskapsmøte vedtok politikarane i Kviteseid at dei kan gje ein økonomisk garanti på inntil 50 000 kroner ved eventuelle inntektstap for Skien Dalen Skipsselskap AS i sesongen 2020.

På grunn av koronakrisa kan heller ikkje sesongen for kanalbåtane på Telemarkskanalen gå heilt som normalt. Victoria hadde sin fyrste tur på kanalen 15. juni, og ikkje i mai som er vanleg. På grunn av smitteverntiltak kan dei berre selje halvparten så mange billettar som vanlege sesongar.

Artikkelen held fram under annonsen.