Flyttar: Dei siste renna i krinscrupen for Telemark og Vestfold blir flytta til Buskerud, sjølv om skiforholda i Vest-Telemark er strålande.

Flyttar renn ut av krinsen, sjølv om det er perfekte forhold i Vest-Telemark

Telemark og Vestfold skikrins flyttar avslutningsrenn til Viken, sjølv om skiforholda er perfekte i Høydalsmo.

Skikrinsen grunngjev flyttinga ut av krinsen med snømangel og lang reiseveg for arrangøren til aktuelle arenaer i Telemark. Lokale langrennseldsjeler frå Vest-Telemark reagerer på avgjerda.

«Grunnet snømangel i Vestfold og lang reisevei for arrangøren til aktuelle arenaer i Telemark, er arrangementet flyttet til Heistadmoen skistadion i Kongsberg», melder Telemark og Vestfold skikrins på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det ikkje er gode nok forhold i Kongsberg blir rennet avlyst, melder skikrinsen.

Renna som er dei siste i Olympia Sport/Vauhti Pure Cup, blir arrangert neste helg. Botne SK og IL Ivrig er arrangør.

Skieldsjel Mikkel Vadder i Ordal er blant dei som reagerer på meldinga.

– Dette er ei svært uheldig avgjerd når skiforholda er perfekte i Høydalsmo. Når arrangøren grunngjev avgjerda med lang reiseavstand, må ein forstå frustrasjonen og kritikken. Skal me fungere som ein samla krins, må dette aldri skje i framtida, seier Vadder til VTB.

Stein Olav Lie frå Åmdals Verk har også ei rekkje år bak seg som eldsjel i langrennssporten i Vest-Telemark. Han kallar avgjerda flau.

«Dette er flaut – det er svært gode skiforhold i Vest-Telemark. Så mykje for å vera EIN skikrets,» skriv han i ein kommentar på Facebook til nyheita.

Langrennsleiar i skikrinsstyret for Telemark og Vestfold, Erik Christoffersen, grunngjev valet av Viken i staden for Vest-Telemark med økonomi og frivillige, men skjønar at folk i Vest-Telemark reagerer.

– Problemet er at om det skal vera med 50–60 frivillige frå nordre del av Vestfold til eksempelvis Høydalsmo, så blir det sinnssjuke kostnadar. Eg er 100 prosent einig i at me burde halde rennet innanfor krinsen, men det kostar pengar å flytte arrangementsstaben langt, seier Christoffersen, som tippar det ikkje hadde blitt noko renn om arrangørane frå Vestfold hadde lagt det til Høydalsmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner der det heller ikkje bare er å gje eit arrangement til eit anna idrettslag.

– Det kjem an på kvar i krinsen det er lyst til å arrangere, men me kan ikkje legge alle renn på nokre få idrettslag. Nokon arrangørar, mellom anna Høydalsmo, er veldig flinke til å arrangere, seier Christoffersen.

Han fortel at det som regel går fint å arrangere renn i både Telemark og Vestfold, men at vinteren denne gong har gjeve lite snø mange stadar.

– Me kan snart klippe plenane her i Vestfold medan hos dykk bare lavar det ned. Det kan hende me må avlyse krinsmeisterskapen i Stokke 7. mars, men det kan gå. Eg håpar på påfyll av snø, seier langrennsleiaren.

Overnatting, logistikk og økonomi

Rennleiar Espen Liset skulle gjerne arrangert helgas renn i anten Høydalsmo eller Rauland. Likevel meiner han at det ikkje går an å forvente at dei lokale idrettslaga i Vest-Telemark skal overta eit arrangement på kort varsel. Han trur rennet hadde blitt avlyst om Botne SK og IL Ivrig hadde lagt arrangementet til Høydalsmo.

– Det skal riggast i stand til renna også. Dette har med overnatting, logistikk og økonomi å gjera. Eg trur ikkje me kjem til å tene noko nå som me arrangerer i Viken, men det hadde nok enda med underskot om laga frå Vestfold skulle arrangert i Høydalsmo, seier Liset.

Han fortel at Botne og Ivrig måtte korte ned rennet med ein dag fordi det blei ein times tid køyring lenger enn planlagt.

– Eg trur uansett det blir eit bra skirenn, avsluttar han.