Ola Mo er oppteken av heilskapen mellom skule og lokalsamfunn og har nytta Flatdal som døme i sitt masterprosjekt.
Ola Mo er oppteken av heilskapen mellom skule og lokalsamfunn og har nytta Flatdal som døme i sitt masterprosjekt.

Tankar om framtidsskulen

Ola Mo (26) frå Seljord vart ferdig utdanna arkitekt i vår, og har teikna ein ny skule i Flatdal.

Masterprosjektet til Mo tek føre seg dei litt mindre skulane i samfunnet. Noko han er oppteken av å få fram verdien av.

– Ein ser gjerne eit auka fokus på sentralisering og stordrift. Skulane me bygger i dag blir berre større og større, og ein stad i prosessen trur eg me gløymer dei som skal bruke desse bygga, seier Mo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks år ved Arkitekthøgskulen i Oslo avsluttar seljordingen mellom anna med eit molegheitsstudie av eit nytt skulebygg i Flatdal.

– Skulane er ein viktig del av fundamentet i samfunnet. Det er eit konkret bygg å teikne, det handlar mellom anna om å lage gode rom for læring. Når du er fem-seks år er det ikkje du sjølv som bestemmer at du må begynne på skule. Du skal vere dagar og år i dette eine bygget. Frå å vere eit barn til å bli ein fungerande borgar med all den kunnskap som er venta av samfunnet. Då er det særs viktig at det er tilpassa dei som skal vere der, nemleg elevane og lærarane, held han fram.

Auka skilnader

Den unge arkitekten meiner det er to ting som er viktige når ein skal teikne ein ny skule for dei yngste elevane.

Ola Mo syner fram modellen av skulen han har teikna.
Ola Mo syner fram modellen av skulen han har teikna.

– Ein må legge til rette for konsentrasjon, men også leik. Å få ein seksåring til å sitte stille heile dagen er eit håplaust prosjekt. Å gjere seg medvitne tankar rundt menneskelege behov er essensielt når ein arbeider med arkitektur.

– Eg har grubla mykje på skilnadene i prestasjon mellom gutar og jenter i skulen. Kva er det i den norske skulen som skapar dette. Faglege og pedagogiske rammer er sjølvsagt faktorar som spelar inn. Men eg trur også det har noko å seie korleis me bygger skulane våre, seier Mo.

– Tenk deg ein open og fleksibel skule også kjent som base-skule. Eit raskt søk på nett vil vise at det er mykje misnøye knytt til desse skulane. Likevel bygger me slike skular framleis. Å ha seksti-sytti elevar i eit stort undervisningsrom blir heilt naturleg mykje støy.

Ekstra moro

I prosjektet sitt har han bruka størrelsen på skulen i Flatdal som utgangspunkt.

– Å teikne ein skule i eit naturskjønt område som Flatdal gjer fyrst og fremst oppgåva litt ekstra moro. At arkitektur ikkje berre handlar om sjølve bygget men også samspelet med omgjevnadene skal ein ikkje undervurdere, seier Mo

Artikkelen held fram under annonsen.

I oppgåva tek Mo også omsyn til fådelte klassar.

– Til hausten skal det begynne litt over 70 elevar på skulen i Flatdal. Det synest eg er ein fin storleik. Det oppstår nokon interessante problemstillingar som er fine å jobbe med. Behovet for fleksibilitet og variasjonar i storleiken på alderstrinna. Eg trur dette er med på å forme arkitekturen på ein spanande måte, seier han.

Oppvekstvilkår stadig viktigare

Arkitekten har medvitne tankar om utfordringa knytt til stram økonomi. Det er eit reelt problem i heile landet som passar dårleg i kombinasjon med store vedlikehaldsetterslep på skulane. 

– Om ein vil at folk skal busette seg i kommunen må ein fyrst og fremst fokusere på kva dei unge og nyutdanna i etableringsfasen ønsker. Eg trur fleire og fleire i dag vel kor dei skal busette seg ut ifrå tilboda på staden. Flott natur, og gode oppvekstvilkår er verdiar som stadig vinn fram. Og då kan uvisse knytta til om den lokale skulen vert lagt ned, eller er i dårleg stand verke negativt, meiner Mo. 

Arbeidsliv i endring

Den nyutdanna arkitekten har også tankar om korleis morgondagens arbeidsliv vil kunne tiltrekke seg nye innbyggarar.

– Overraskande få nordmenn bur eigentleg i by, veldig mange vel å busette seg nær natur. Arbeidsmarknaden er i endring, berre dei siste ti åra har det skjedd enormt mykje knytt til teknologi og globalisering, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje ser mange politikarar framleis litt gamaldags på omgrepet næringsutvikling som eit virkemiddel for befolkningsvekst i distrikta. Folk pendlar og har heimekontor, koplar seg opp i den lokale næringshagen, hell han fram. 

– Eg trur det mange unge i dag som ikkje forventar å finne sin arbeidsplass der dei bur. Her trur eg at skulen kjem inn som ein undervurdert motivator i distriktet. Eg trur at framtida er skulen, legg han til.  

Mo presenterte prosjektet sitt på eit møte i Flatdal. 

– Det var bra oppmøte og god diskusjon. Mange engasjerte som stilte spørsmål. Ei forsamling som alle var samde om at det å ha ein skule i eit lite bygdesamfunn er svært viktig, seier han.