Vraka forslag om skuterløyper

Fyresdal kommune lufta seks moglege snøskutertrasear med Fylkesmannen. Svaret gjer at kommunen må byrje å jobbe med andre alternativ, aust i kommunen. Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan i

Fyresdal har bede Fylkesmannen om førehandsuttale kring mogleg løypenett for rekreasjonskøyring med snøskuter vest i kommunen. Utfordringa der, eller som

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøskuter: Illustrasjonsfoto: Snøskuter

nokon vil seie er eit problem, er at mykje av vestheia er definert som Nasjonalt villreinområde. Derfor føreslår kommunen å ha løyper knytt til vegane inn til kraftmagasina. Kommunen listar opp seks forslag på løyper overfor Fylkesmannen. Langs alle løypene går det i dag ein utstrakt lovleg

snøskutertransport til hytter og støylar i heia, også innanfor villreinområdet.