Gokart: I 1991 kunne tilskodarar sjå Terje Håkonsen rase rundt i gokart utanfor Vinje vegkro. På biletet er det kro-kokkane som køyrer.

«Det skjer mykje på vegkroa i Åmot»

Det skreiv VTB etter å ha sett Terje Håkonsen rase rundt i ein gokart utanfor kroa i august 1991. Då var det eit år sidan Roar Berg Hansen opna Vinje kro og veggrill.

Hansen var mangeårig eigar og drivar av Vinje turisthotell, som låg eit steinkast lenger bortover langs E134, men såg ein moglegheit for å utvide og gje eit serveringstilbod til dei som reiste med buss. I 1989 fekk han med seg kommunen på laget, og året etter var vegkroa eit faktum.

Utover 1990-talet skjedde det verkeleg mykje på vegkroa, ut frå det ein kan lese i VTB-arkivet. For dei lokale vart det ein sosial møtestad; mellom anna hadde landbruksinteresserte fast grautkveld på kroa i fleire år, og ein hadde strikkemaskinkveld, turistinformasjon og kunstutstilling for å nemne noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunstutstilling: I 1997 kunne ein sjå kunstverk av Lello Greco på vegkroa.

Ein fekk også nytta dansefoten på kroa, og midt på 90-talet var det gode tider for dei danseglade. Frå november 1994 til mars 1996 var det dansefest på kroa heile ni gonger.

I 1996 fekk Vinje turisthotell nye eigarar, men Hansen heldt fast ved vegkroa.

Året etter ville helse- og omsorgsutvalet nekte skjenkeløyve til kroa fordi målgruppa var vegfarande, men kommunestyret sa ja. Og om ikkje fest annan kvar månad vart malen vidare fram mot årtusenskiftet, så har ein kro-fest vore veldig stabil: Vinjedagsfesten i august.

Da capo: Ein av gjengangarbanda på Vinjedagsfesten har vore Finlandia.
Vinjedagsfestane

I VTB-arkivet finn me mange Vinjedagsfestar, og E-76 og Finlandia ser ut til å vere to av favorittane når det gjeld dansemusikk.

1992: Folkefest

1993: E-76

1994: Knut Størøygard og Tokke trekkspelklubb

1995: E-76

1996, 1997 og 1998: Finlandia

1999: Twins

2000 og 2001: E-76

2002 og 2003: Blaakonglane

2004 og 2005: Scandex trio

2010: Pubquiz med dans

2011: Dei Gråsprengde

2012: The Buddies

2014: Steff Nevers og Gunslingers (to dagar med fest)

2015: Torgeir og kjendisene

2016: Åsmund Åmli Band

2017: Ni Liv

2018: E-76

2019: Reeperbahn cowboys

2022: Bootlegs (denne festen vart avlyst i siste liten)

Automatinnbrot og ungdomstrøbbel

Det vert ikkje berre solskinnsdagar for Vinje kro, og kring år 2000 skjer det fleire negative hendingar. I 1998 vert det buss-streik, noko som går hardt ut over omsetninga til kroa.

Busstreik: Faksimile frå VTB mai 1998.

I november 1999 brenn Vinje turisthotel ned. Dette var tre år etter at Hansen overlet familiehotellet til nye eigarar, men tapet av hotellet førte også til at kroa fekk dårlegare besøk.

Hotellbrann: Det vart kroken på døra for hotellet etter brannen. Dette vart også negativt for vegkroa.

Eit gjentakande problem på både seint 90-tal og tidleg 2000-tal var innbrot i speleautomatane på kroa. Men også i opningstida oppstod det problem. Med stor plass og lang opningstid vart kroa ein stad dei lokale ungdommane likte å henge, men med dei store gjengane følgde det også ein del uro, småhærverk og ubehagelege situasjonar for dei tilsette.

I desember 2001 såg Hansen seg derfor nøydd til å utestenge alle lokale ungdommar under 18 år frå kroa dersom dei ikkje var i følge med føresette. Det skapte store reaksjonar frå ungdommane. Noverande Vinjelos Silje Hagen var ei av dei som opplevde å bli kasta ut av kroa medan ho drakk ein kaffikopp med to venninner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kasta ut: Silje Hagen og to venninner kjende seg urettvist handsama då dei ikkje fekk drikke kaffi på kroa ein fredagskveld i 2001. Foto: Faksimile frå VTB

Eitt, to – og kanskje tre – eigarskifte

Det er nokre hol i festhistorikken til Vinjedagsfesten, og særleg to av desse heng saman med kro-historia.

I 2013 vart det ikkje annonsert for Vinjedagsfest på vegkroa. Dette året gjekk kroa konkurs og fekk nye eigarar.

Ut av oska steig Heimat fram, eigd av Svai-gruppen. Dei fiffa opp kroa hausten 2013, og i 2014 heldt kroa for fyrste gong Vinjedagsfest to dagar på rad. Same år vart det også Tesla-ladestasjon på parkeringsplassen deira. Året etter heldt utviklinga fram – då opna Pizzabakeren i eit lokale tilknytt kroa.

Fiffa opp kroa: Sverre Ødegård var ein av dei tre eigarane i Svai-gruppen AS, som overtok kroa i 2013. Dei sytte for eit ljosare preg med nye tekstilar, møblar og lysekrone.

Dei positive tidene snudde i 2019, som vart eit år med motbør for Heimat. Ein ting er det at det oppstod brann i ventilasjonsanlegget til Pizzabakeren i juli. Men i oktober same år vart Heimat stengd umiddelbart etter inspeksjon frå Mattilsynet. Årsaka var svært dårleg reinhald på kjøkkenet.

Surt: Dette skiltet hengde Mattilsynet opp på kroa i Vinje etter inspeksjonen i oktober 2019.

Koronaåret 2020 skapte problem for mange serveringsverksemder, også vegkroa. Men Heimat fekk koronastøtte frå kommunen og greidde seg gjennom den tyngste tida.

I august 2022 var det klart for den tradisjonsrike Vinjedagsfesten på kroa att, etter eit par koronarelaterte unntaksår. Men på svært kort varsel vart festen avlyst, og det vart kjent at kroa hadde skifta eigar att. Denne gongen var det tre vestlendingar i selskapet Fegna AS som hadde kjøpt kroa.

I august 2023 var Vinjedagsfesten på billagstomta ved sidan av Fristadsenteret, ikkje på kroa, og seinare same haust var eigarane av kroa i ferd med å kaste inn handkledet. Då kom den lokale gründeren Nesar A. Ibrahimi på banen. Han har inngått leigeavtale med eigarane av Vinjekroa, og har mål om å kjøpe staden og utvikle den med mellom anna motellrom.

Dermed kan det sjå ut til at sirkelen er slutta – med ein lokal gründer som vil kombinere vegkro og overnattingstilbod i Åmot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil satse: Den nye drivaren av Vinjekroa er Nesar A. Ibrahimi. Han ønskjer å utvikle kroa til ein inkluderande møtestad med både kiosk og overnattingstilbod.
Då og no: Då vegkroa vart bygd, kosta prosjektet 6,5 millionar, og Vinje kommune bidrog då med eit lån på 1,5 millionar. Ibrahimi må ut med om lag same summen, og søkte nyleg kommunen om 2 millionar i støtte. Han fekk avslag.
Les også
Kroa har fått ny kaptein. – Eg er ein omsorgsperson