Krosjef: Nesar A. Ibrahimi har drive Vinjekroa nokre få månadar, og ønskjer å utvikle den med både kiosk og overnattingsrom. Han hadde håpa Vinje kommune ville vere med å bidra, men fekk nei av formannskapet.

Kroa har fått ny kaptein. – Eg er ein omsorgsperson

Dei siste tre åra har Nesar Ahmad Ibrahimi drive Vinje Pizza og Grill. No driv han også Vinjekroa. – Folk treng mat og ein stad å sitje etter klokka fire også, slår han fast.

Ibrahimi og ein av hans tilsette er i full gang med å lage burgartallerkenar til fem arbeidskarar når VTB besøker Vinjekroa rett ved busstasjonen i Åmot. Han kikkar opp frå matlaginga med eit raskt smil.

– Ti minuttar, så kjem eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fem i gule arbeidsklede får burgar, ei kvinne får vaffel, ein eldre mann får kaffi med noko attåt. Så har Ibrahimi nokre minutt ledig.

– Ein tilsett vart sjuk i dag, så då tek eg hennar plass, fortel den smilande gründeren.

Han kjem opphavleg frå Afghanistan, men har budd i Noreg i 22 år. Dei siste åra har adressa vore Vinje, der han har drive Vinje Pizza og Grill på Fristadsenteret, men Ibrahimi har også jobba mange år i barnevernet.

– Eg er ein omsorgsperson, seier han.

Motellrom: Dette møterommet vil Ibrahimi bygge om til fire motellrom, kvart av dei med inngang frå utsida og eiget bad. Nytt møterom har han tenkt å bygge på ledig areal bak kroa.

No er draumen å utvikle kroa til ein blomstrande møtestad for både lokalsamfunnet og reisande, og i tillegg bidra til inkludering både ved å tilsette nyankomne med ulike bakgrunnar og personar som har falle utanfor arbeidslivet.

– Det jobbar allereie fleire flyktningar her, fortel Ibrahimi, som også har utvida opningstidene på kroa til både 21 og 22 om kvelden.

– Sjåførane er så fornøgde med lang opningstid. Folk treng mat og ein stad å sitte etter klokka fire også.

Ibrahimi har dessutan planar om å bygge om dei gamle lokala til Pizzabakeren, som er i eine enden av bygget, til ein kiosk med tipping og sitteplassar. Dessutan vil han bygge om møterommet på kroa til fire motellrom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje treng overnattingsplassar. Alle kjem til meg og seier at me treng dette.

Les også
«Det skjer mykje på vegkroa i Åmot»

Var i ferd med å bli stengd

– Vinje kro har ikkje gått så det susar i det siste, sa næringssjef Knut Martin Edland då formannskapet fekk ein søknad frå Ibrahimi på sitt bord tidlegare i mars.

– Dei siste drivarane kasta handkledet og var i ferd med å stenge det, rett og slett. Så kom dei til meg og lurte på om me hadde noko alternativ, forklarte Edland. Det hadde han ikkje, men han hadde fanga opp at Ibrahimi var interessert.

– Så då sette eg dei to saman, og så har det utvikla seg til at Ibrahimi er boden å kjøpe kroa, sa Edland, som opplyser om at det er forhandla fram ein leigeavtale mellom dei to partane, men at Ibrahimi også ønskjer å kjøpe kroa.

Ved eit kjøp får Ibrahimi overta låna, som er på kring fire millionar kroner, men han manglar dei to millionane som trengst for å dekke resten av kjøpesummen, og søkjer derfor om at kommunen bidreg med dette.

– Det er vanskeleg å tilrå dette. Det gjev jo ein «ømleg» presedens, sa Edland, som i staden tilrådde at søkjaren skulle få eit tilskott på 100 000 kroner.

– Litt i kompensasjon for at han var tøff og tok utfordringa, sa Edland som samstundes understreka at kroa er ein kjempeviktig stad for Åmot.

Tok stafettpinnen: Vinjekroa var i ferd med å stenge då Ibrahimi overtok roret for nokre månadar sidan.

– All hjelp er bra

Nils Johan Svalastog Garnes (SV) reagerte på at ein innstiller på å løyve noko som ikkje er søkt om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert rart å seie ja til dette. Aktøren kan koma attende med ein søknad om aktiviteten sin, sa Garnes.

Suhail Mushtaq (DNI) føreslo at søknaden vart sendt attende til administrasjonen.

Mushtaq sitt forslag fekk to stemmer og fall. Innstillinga til rådmannen om å løyve 100 000 kroner fekk ei stemme, og fall det også.

Dermed vart det ingen støtte til Ibrahimi, men han held fram med den friske satsinga på kroa trass i avslaget.

– Ja, eg har god tid. Eg har tre års leigeavtale med den gamle eigaren, og må prøve å fikse eigenkapital innan den tida, seier Ibrahimi.

Fornyar: Ibrahimi har fornya møblane i dette rommet, og har mange planar for resten av bygget.

Han har fått med seg at kommunen går inn med store beløp i fleire ulike verksemder, som Qmatec, AiR og Rauland Vaktservice, og undrar seg over at kommunen ikkje ser ein verdi i det han skaper både når det gjeld arbeidsplassar og gode møtestadar for lokalsamfunnet.

– Viss kommunen vil hjelpe meg så er det veldig bra. Då blir det fortare overnattingsrom, fortare nytt kjøkken. Viss ikkje må de vente, seier Ibrahimi, som understrekar at mindre summar enn det han søkte om også vil vere til hjelp.

– 1,5 millionar er bra, 1 million er bra. All hjelp er bra.