Reagerer: Varaordførar Stian Hauge meiner Vinje har drive eit «umusikalsk maktspel» i spørsmålet om lokalisering av PPT-vertskommunen. – Spesielt at eit styremedlem kritiserer eigarkommunar gjennom lesarinnlegg, kommenterer Vinjeordførar Jon Rikard Kleven.

Reagerer på kommunens «ultimatum» i lokaliseringsspørsmålet. – Uryddig og illojalt, svarar ordføraren

Etter ynske frå kommunedirektørane skal PPT i Vest-Telemark bli omorganisert frå interkommunalt samarbeid til vertskommuneordning.

Det var representantskapet i Vest-Telemark PPT IKS – der ordførarane i alle kommunane sit – som under eit møte i desember 2023 vedtok fylgjande:

«Representantskapet anbefaler eigarkommunane å omorganisere PPT frå IKS til vertskommunemodell, der det må vere PPT sine behov som skal vera retningsgivande for val av vertskommune, og ikkje politiske omsyn.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var kommunedirektørane som kom med ynske om å leggje om modellen.

– Ein såg at IKS var uheldig på ulike måtar, ein manglar ei rekke støttetenester. Me var einaste PPT i landet som var organisert som IKS, fortel Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven.

Han fortel at kommunedirektørgruppa arbeider fram forslag til modellen, men at dei ynskte avklaring på lokalisering av vertskommune før dei gjekk vidare med arbeidet.

Vest-Telemark PPT

Vest-Telemark PPT IKS er ei pedagogisk psykologisk teneste som blir drive som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. Tenesta har kontorstad i Kviteseidbyen, men yter tenester lokalt i alle eigarkommunane.

Føremål med tenesta

Vest-Telemark PP-teneste er ei rettleiingsteneste som skal bidra med kompetanse i barnehage, skule og lærebedrifter med tanke på å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar med særlege behov.

PPT skal óg sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering når lova krev det. PP-tenesta vurderer om det er behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i grunnskule og for vaksne med rett til spesialundervisning.

Kjelde: Vest-Telemark PPT

Kritisk til framgangsmåten

Måndag 4. mars møttest representantskapet att, for å ta stilling til lokaliseringsspørsmålet. I dagens IKS-ordning har tenesta hatt kontorstad i Kviteseid, men yter tenester lokalt i kvar kommune.

– Då peika fem av seks kommunar på Vinje, med unntak av Kviteseid, fortel Kleven.

Varaordførar i Kviteseid Stian Hauge har skrive eit lesarinnlegg om saka, der han går ut mot det han kallar «Vinjes umusikale maktspel» i samband med lokaliseringsspørsmålet:

«Ein skulle også velje vertskapskommune for samarbeidet, og her sette Vinje ultimatum, anten får vi vertskapet for PPT eller så trekker vi oss frå samarbeidet», skriv Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser til ordførar Tarjei Draugedal, som var til stades på møtet, for ytterlegare kommentar. Ordføraren er forsiktig med å bruke ordet «ultimatum», men seier fylgjande:

– Dei (Vinje) ville ha det dit, og informerte om at dei hadde eit opplegg dei ville gå vidare med på eiga hand.

– Eg stemte for Kviteseid, men resten torde ikkje anna enn å stemme på Vinje, legg Draugedal til.

Vinjeordførar Kleven er lagt føre sitatet frå Hauge, og har fylgjande kommentar:

– Det er spesielt at eit styremedlem kritiserer eigarkommunar gjennom lesarinnlegg. Kontakt mellom eigar og selskap skjer i eigarmøte og representantskapsmøte. Dette styremedlemet legg opp til ein annan kommunikasjonsform mellom styret og eigarkommunar som er uryddig og illojalt som styremedlem mot eigarane.