Einingsleiar velferd: Arne Hansen Espebu.

Svar på lesarinnlegg om dreiing av omsorgstenestene i Nissedal kommune

Det har vore stilt spørsmål om kvifor det er laga ein omsorgsplan i Nissedal Kommune med planlagt og gjennomført reduksjon av rom på sjukeheimen frå 20 i 2021 til 15 pasientrom i 2022. Det har og vore stilt spørsmål om korleis ein kan bruke ein slik strategi til å møte framtidas utfordringar med dobbelt så mange eldre over 80 år i 2040.

Dersom ein skulle ha fortsatt med gårsdagens strategi for å møte morgondagens utfordringar så ville ein ha fått store problem med å tilby forsvarlege helse- og omsorgstenester til kommunens innbyggjarar etter få år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omsorgsplanen er laga med kunnskap om gårsdagens drift. Kloke personar både i arbeidsgruppe og styringsgruppe har prøvd å lage ein strategi med dreiing av tenestene til meir bruk av heimetenester, satsing på velferdsteknologi, samt at ein ønskjer at innbyggjarane sjølve også må tenke på kva utfordringar dei kan møte i framtida og gjere eigne grep for å kunne bu lengre heime.

Ein har ikkje funne opp dette åleine, men brukt råd frå Regjering, Husbanken og sett på grep andre kommunar har gjort. I tillegg har vi brukt «Leve heile livet»-reforma som ei rettesnor for nokre av tenestene.

Behovet for sjukeheimsplassar har ikkje vore så stort dei siste åra. Over lenger tid har i snitt omlag 20 % av pasientromma stått tomme. I tillegg har fleire pasientar, etter mi meining fått sjukeheimsplass for tidleg, då vi har mangla omsorgsbustadar som kunne ha dempa behovet for sjukeheimsplass. Inkludert i ca. 80 % belegg er gjestepasientdøger frå andre Vest-Telemark-kommunar.

Vi har bygd 5 nye omsorgsbustadar og vil trenge fleire i framtida, dette står i omsorgsplanen. Heimetenesta har tatt over korttidsavdelinga, og pasientar som treng korttidsopphald vil oppleve å ha same personell på dette opphaldet som dei har i heimetenesta. Dette sikrar at ein har rett fokus med kortare og meir presise opphald, samt at ein veit korleis heimen til pasientane er og kan betre legge til rette før heimreise.

Eg kunne ha fortsatt å snakke om omsorgsplanen, der omsorgstrappa er omtala og LEON-prinsippet lansert osv, men det vil bli for mykje detaljrikdom så eg stoppar her. For dei som er interessert vil eg anbefale å lese omsorgsplanen vår.

Eg vil heller konsentrere meg om pengesekken og utfordringa med å få tak i tilsette.

Dersom ein skulle fortsatt med same strategi mot ei dobling av eldre over 80 år om 20 år, så måtte vi ha utvida sjukeheimen til 40 plassar og i tillegg dobla innsatsen til heimetenesta. Dette vil medføre store ekstrakostnadar i kommunebudsjettet og at ein må omfordele budsjetta i kommunen. Ein kan lett sjå føre seg at dette vil få store konsekvensar for andre sårbare grupper.

Dersom ein ville ha satsa på ein slik strategi, ville vi likevel ikkje fått det til. Det er ikkje nok personar til å fylle desse nye stillingane vi treng, vi slit allereie nå med å dekkje opp med nok tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må gjere ting annleis. Folk må bu lengre heime enn før med heimetenester og smarte løysingar. Vi må bygge fleire omsorgsbustadar, vi må bygge bustadar i sentrum som er attraktive for eldre og i tillegg satse på at innbyggjarane førebur seg på alderdommen med å tilrettelegge husa sine. Ein slik strategi vil kunne vere med på at eldre i grendene ynskjer å flytte til sentrum for å få betre helse- og omsorgstenester samt å kunne dra nytte av betre tilbod i nærleiken.

Politikarane har etter mi meining eit ønske om at vi fortsatt skal ha gode og forsvarlege omsorgstenester for innbyggjarar i Nissedal, men vi skal halde oss på eit nivå om lag med omliggande kommunar.

Omsorgsplanen er eit verktøy for å få utviklinga av omsorgstenestene i rett retning. Alle innbyggjarar har krav på forsvarlege helse- og omsorgstenester, men korleis tenestene vert levert framover i tid, er det ingen som veit heilt sikkert. Ein må lage ein strategi, samt evaluere og justere etterkvart.

Arne Hansen Espebu,

einingsleiar Velferd, Nissedal kommune

Les også
Leif (90) håpar å døy med skoa på, framfor å døy på trappa til sjukeheimen utan å ha fått plass
Les også
Ordføraren meiner ein skal vere stolt av kommunen sitt tilbod til dei eldre
Les også
«Det er ikkje ei ny stove vi treng når det blir for vanskeleg å bu heime!»
Les også
Takk til Leif Kvås
Les også
Kommentar til ordførar Hommes innlegg i VTB 19/8-22 om eldreomsorga i Nissedal kommune