Kolliderte etter brot på vikeplikta
Politiet melder på Twitter at to bilar har kollidert ved Haukelitunet. Ingen av personane som var i ulykka er skadde, men bilane er ikkje køyrbare etter kollisjonen.
I ei seinare oppdatering skriv politiet at ulukka skjedde etter brot på vikeplikta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet beslagla førarkortet til ein mann i 40-åra frå Frankrike. Det var totalt sju personar involvert i ulykka – 3 i ein bil og 4 i den andre.