Ja utan endring: Kjersti Bergland, økonomisjef i Fyresdal kommune, gav onsdag formannskapet eit framlegg til driftsbudsjett 2022 som gjekk rett heim hos dei folkevalde.

Nå har administrasjonen «funne» sju millionar kroner – utan at det påverkar drifta

20. oktober blei det undrande blikk i Fyresdal formannskap då økonomisjefen opplyste at førebels tal viste ein minus på sju millionar kroner i neste års budsjett. Onsdag kunne politikarane puste letta ut – intenst arbeid blant kommunetilsette har ført til budsjettbalanse.

– Det spørst om de er einige i spenstige grep, innleia økonomisjef Kjersti Bergland si nye budsjettorientering til formannskapet onsdag.

Men akkurat spenstige grep viste det seg at administrasjonen nok ikkje hadde gjort for å presentere eit budsjettforslag som nå er i balanse, sjølv om dei hadde snudd alle steinar for å kome dit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den positive endringa frå sist møte skjer ved mellom anna 500 000 kroner meir i konsesjonskraftinntekter lagt inn i driftsbudsjettet 2022. Vidare aukar det statlege rammetilskotet med 1,5 millionar kroner, og det er rekna med å kome 450 000 kroner meir i skatteinngang.

Noko anna gledeleg er at kommunen ser ut til å få 1,5 millionar kroner meir i utbyte frå Vest-Telemark kraftlag (VTK) neste år. Ordførar Erik Skjervagen (Ap) er styreleiar i VTK, og sa at denne auken kan ein rekne med.

– Resultatet for VTK i år blir historisk bra, sa han i ei tid med svært høg straumpris.

I år har kommunen ein del heimlar som det ikkje er tilsette i, og der kjem det heller ikkje tilsette i 2022. Dermed blir kommunekassa spart for rundt to millionar kroner i årlege utgifter.

Formannskapet var så nøgd med forslaget frå rådmannen om driftsbudsjett for neste år, at det straks blei sendt vidare til handsaming i hovudutval og seinare for endeleg vedtak i kommunestyret.

– Budsjettforslaget for 2022 påverkar ikkje noko særleg drifta i kommunen utover dagens nivå, konkluderer Bergland til VTB.