Læring for livet: Å læra eit framandspråk tar tid, og no kan du få eit år ekstra på deg for visse språk.

Studium i japansk, arabisk og kinesisk kan bli fireårige

Regjeringa oppmodar universitet og høgskular til å søkja om middel til å forlenga bachelorprogramma i desse språka med eit år.

Mange slepar seg gjennom fleire år med studium i framandspråk utan at dei blir heilt støe til eksamen. Kanskje har dei berre vore nokre veker av gongen i det framande landet? No vil regjeringa utvida studietida for tre av dei vanskelegare språka du har å velja mellom i Noreg: japansk, arabisk og kinesisk.

– Dette er krevjande studium og språk det tar lang tid å meistra godt. Ofte må studentane opphalda seg lange periodar i utlandet etter utdanninga eller ta heile studiet i utlandet for å koma på det nivået ein arbeidsgivar forventar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).