Indrefileten: Fylkessenteret i Seljord får delar av tomta til den gamle husmorskulen, med den økologiske hagen som næraste nabo. Det er rådmann Rikke Raknes, ordførar Beate Marie Dahl Eide og prosjektleiar Øistein Brinck nøgde med.

Seljord blir fylkessenter

Torsdag var ei gruppe folk frå Skien og Tønsberg på vitjing i Seljord. Fylkestinget har nemleg vedteke å flytta minst 20 arbeidsplassar hit.

Det kom dei saman om før jol i fjor.

Flyttinga skal gjera fylkeskommunen meir synleg i Øvre Telemark, som ligg langt frå fylkeshusa nede ved kysten. I tillegg er det ynskje om å skapa positive ringverknader i heile regionen. Øvre Telemark omfattar Tinn, Hjartdal, Notodden og heile Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei historisk desentralisering frå fylkeskommunen si side. Me er glade for at dei går bort frå tanken om at alle fylkeskommunalt tilsette må sitja oppå kvarandre i dei største byane, seier Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Men blir det ikkje berre ufred av å flytta rundt på offentlege arbeidsplassar?

– Nei, for det er snakk om frivillig flytting og nytilsetjingar, forsikrar Øistein Brinck, prosjektleiar og direktør for samfunnsutvikling, internasjonalisering og klima i fylkeskommunen.

Han seier fylkeskommunen er ein så pass stor organisasjon, med i alt 4000 tilsette, at det strøymer folk ut og inn heile tida.

– Folk går av med pensjon, skiftar beite, flyttar og så vidare, føyer ordføraren til, og peikar på at det same skjer i vesle Seljord.

«Finaste tomta i Seljord»

Torsdag var Brinck og resten av prosjektgruppa på vitjing i Seljord for å læra om kva kommunen er sterk på. Kva slags oppgåver skal det nye fylkessenteret få? Fylkeskommunar har ansvaret for vidaregåande opplæring, som er ein svær budsjettpost, men òg samferdsle, kultur, tannhelse med meir. Nett kva funksjonar dei legg til Seljord, spørst på kva dei meiner høver best slik arbeidsmarknaden er i Seljord og nabokommunane i dag.

– Finst det nokre moglege synergieffektar? spør Seljord-rådmann Rikke Raknes retorisk, og trekkjer fram nokre av næringane som alt er til stades i kommunen: teknologi/IT, konsulentfirma, entreprenørar, kultur og mat. Nabokommunane har andre fagmiljø som òg kan koma godt med.

Dessutan ligg Seljord lagleg til reint geografisk, midt i Øvre Telemark, ifylgje ordføraren. Senteret får «den finaste tomta i Seljord», slik studierektor Liv Grete Ekre sa det. Dei skal halda til i nybygget til Vest-Telemark vgs. avdeling Seljord, som er lagd ned.