annonse

Regjeringa vil legge ned fangeleiren i Kleivgrend

Vitja fangeleiren
Vitja fangeleiren: Bildet er frå då stortingsrepresentantane Solveig Sundbø Abrahamsen (H) og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) var med ordførar Erik Skjervagen (t.v.) på omvising i fangeleiren. Kan KrF hindre nedlegginga? Arkiv (Foto: Geir Ufs)
X: x (Foto: )

Regjeringa foreslår å legge ned fangeleiren i Fyresdal neste år.

Geir Ufs

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett 2019 ynskjer Høgre, Frp og Venstre å fjerne det opne soningstilbodet i Kleivgrend.

«Nedlegging av Kleivgrend avdeling er i tråd med konseptvalutgreiing med tilhøyrande kvalitetssikring. Justis- og beredskapsdepartementet planlegg at plassar med lågare tryggingsnivå ved Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend og Håvet blir lagt ned i 2019. Dersom Kleivgrend avdeling ikkje blir lagt ned som planlagt, vil det medføre at andre fengselsplassar i staden må avviklast eller at innhaldet i soninga blir redusert. Det vil også kunne få følger for tryggleiken i kriminalomsorga», står det i forslaget til statsbudsjett.

Trist og skammeleg

– Dette vitnar om at regjeringa ikkje forstår eller ser verdien av ope soningsalternativ. En kan ikkje berre erstatte dette med noko anna. I Kleivgrend er det ei unik soningsform. Regjeringa har villa lagt ned fangeleiren i fleire år, men eg håpar dei ikkje får gjennom forslaget. Det er trist og skammeleg at dei tilsette og innsette blir utsett for dette år etter år. Eg set min lit til at KrF vil kunne forhindre nedlegginga, seier stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) frå Telemark.

Ho får fylgje av Åslaug Sem-Jacobsen (Sp). 

– Me kjem til å kjempe for Kleivgrend. Som me alltid har gjort. At regjeringa ikkje forstår kor viktig denne typen soningstilbod er, og heller ikkje bryr seg om korleis det vil ramme ein distriktskommune ved å leggje ned fangeleiren, er og blir eit mysterium for meg då det er snakk om lite pengar å spare på eit tilbod som betyr så mykje meir enn dei kronene, seier Sem-Jacobsen. 

Kome med stortingsforslag

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) er ikkje overraska over forslaget frå regjeringa.

– Nå er KrF nøkkelen for å berge fangeleiren. Eksjustisminister Anders Anundsen kjem til å jobbe vidare med saka for oss. Me har jobba mykje på ulike frontar, men det har ikkje hjelpt på departementet, konstaterer Skjervagen.

I neste veke skal Vest-Telemarkrådet diskutere mellom anna skogsleirsaka med Telemarksbenken på Stortinget. Kanskje blir dei servert eit forslag til vedtak.

– Der må me vere så konkrete at ein seier fangeleiren skal bli oppretthalde, og vere så tøffe at me kjem med forslag på stader ein kan legge ned i staden. Fordi det er ei dårleg avgjerd å legge ned i Kleivgrend, seier Skjervagen.

Godt nøgd

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark har fått med seg forslaget om å legge ned fangeleiren, men viser til at det kan skje ting rundt forhandlingane om statsbudsjettet.

Elles er Abrahamsen godt nøgd med budsjettframlegget.

– Eg er glad for den store satsinga på samferdsel, det er ein auke på 75 prosent sidan 2013. Så er det forslag om auka lærartettleik og at alle fylke skal få mobbeombod. Vidare skal det vere psykologar i alle kommunane, og det blir sett av 200 millionar kroner for å få flyktningane tidlegare ut i arbeid. Telemarkskanalen får fire millionar kroner til rehabilitering, og det blir ei vidareføring av postomdeling fem dagar i veka, er blant tinga Abrahamsen ser på som positivt.

geir.ufs@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.